Då Ole Gustav Narud overtok ordførarkjedet for fem år sidan, var Åmot kommune prega av fleire negative hendingar på kort tid: Nedlegging av Rena kartong, strid om eit regionalt skytefelt – og Åsta-ulykka i 2000, der nitten menneske omkom.

I dag står ein stor, opplyst steinskulptur ved Riksveg 3 til minne om tragedien.

– Ingen gløymer Åsta-ulykka. Vi ser minnesteinen heile tida, fortel Narud.

Åmot har brukt mykje ressursar på å bearbeide togulykka. Kvart år har lokalt politi, brannvesen, helsepersonell, samt Forsvaret, kriseøvingar.

Som konsekvens av Åsta-ulykka har dessutan Høgskulen i Hedmark oppretta studiet «Krise, kommunikasjon og samvirke».

Etter Naruds skjønn har tragedie og nederlag fått stor merksemd i kommunen. Sjølv vil han ikkje dvele ved det som har skjedd, men sjå framover.

– Eg trur det er uheldig, dersom ein dyrkar ulykkene som har ramma eit samfunn.

Få månader før Måbødalulykka, styrta eit fly i Torghatten i Brønnøy. 36 menneske omkom.

– Det er veldig dramatisk når slikt skjer. Men ulykka pregar ikkje Brønnøy i dag, seier varaordførar Eilert Horn.

Kommunen markerte ulykka i 1998, og har også planar om 25-årsmarkering.

– Men eg synest ikkje at ein skal markere slike hendingar. Det ripper opp i gamle sår, og kan vere ubehageleg for mange, seier Horn.