— Skal skulen vere bra, treng vi mange nok og gode nok lærarar. Det må vere hovudprioritet, seier Odd Einar Dørum (V).

I vår bad opposisjonen på Stortinget regjeringa lage ein plan for rekrutteringa til læraryrket. Lærarorganisasjonane støtta forslaget, medan regjeringspartia stemte det ned.

- Neglisjerer

I går skreiv BT om lærarkrise i den vidaregåande skulen. Annankvar lærar er over 50 år, og vil gå av med pensjon om 10-15 år. Det viser ein rapport frå forskingsinstituttet NIFU STEP. Samstundes blir det ikkje utdanna fleire lærarar.

— Vi kjenner røynda. Derfor forventa vi at regjeringa sjølv lagar ein plan for å få nye lærarar til både grunnskulen og vidaregåande, seier Dørum.

Blant forslaga var å gjere lærarutdanninga femårig og å rekruttere andre yrkesgrupper - til dømes ingeniørar.

— Regjeringa neglisjerer utfordringane, og vil heller ha fleire timar i skulen. Då kan du lure på om dei vil ha fleire timar utan at lærarane fins. Vi må prioritere det viktigaste først, og det er nok lærarar, meiner Dørum.

Gjerne fem år

Lærarleiar Helga Hjetland i Utdanningsforbundet meiner Dørum har eit godt poeng.

— Men veksten i talet på timar starta med Kristin Clemet, så Dørum bør ikkje triumfere så mykje, seier Hjetland. Ho beklagar derimot at forslaget om rekrutteringsplan vart nedstemt.

— Det er strutsepolitikk når regjeringa i Soria Moria-erklæringa vil ha større lærartettleik. Då må dei gripe sjansen når den byr seg, seier Hjetland, som helsar velkommen ei femårig utdanning for grunnskulelærarane.

— Absolutt. Det er viktig å få ei utdanning med større fagleg tyngd enn den har i dag, seier Hjetland. Utdanninga er i dag fireårig, mot to år på 60-talet.

Førskule først

Ine Marie Eriksen Søreide (H) meiner kunnskapsminister Øystein Djupedal ikkje innser alvoret.

— Regjeringa må få opp auga for kor alvorleg dette er. Vi blir fortalt at det ikkje er nokon grunn til å vere bekymra. Men det er allereie ille om timetalet ikkje blir utvida. Problemet berre veks med ei utviding, seier Eriksen Søreide, som er leiar i Stortingets Kyrkje-, utdannings- og forskingskomite.

Nestleiar i komiteen, Anniken Huitfeldt (Ap) seier dette:

— Vi har ikkje hatt midlar til å styrke utdanninga til lærarar på vidaregåande, men det er noko vi må vurdere. Vi har prioritert førskulelærarar, og no er satsinga på å styrke allmennlærarutdanninga.

Sjølv om alderen blant lærarane er langt høgre i den vidaregåande skulen enn i grunnskulen, vil ho ikkje love meir pengar til utdanninga.

— Det viktigaste er å løyve til den offentlege skulen, slik at lærarane ser at det blir satsa.

Kunnskapsminister Øystein Djupedal var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar.

FAKSIMILE: BT i går.