— Det er ikkje aktuell politikk å byggje nytt.

Direktør i Stiftelsen Bryggen, Lasse Bjørkhaug er kategorisk avvisande til Hanne Finseths idé.

— Tanken om å dikte i vår tids formspråk er ikkje aktuelle politikk, seier han.

Bjørkhaug meiner dette vil vere i strid med både kulturminnelova og pliktene som UNESCO pålegg Bryggen i kraft av statusen som verdsarv.

Berre dersom eit bygg skulle brenne ned, er det opning for å byggje nytt – men då som kopi av det som har vore.

— Det er slik eg tolkar retningslinjene. Vi har reglar og føringar for korleis Bryggen og omkringliggjande område skal takast vare på, seier Bjørkhaug.

Det er nettopp «gammalt nytt» som står på planen for Stiftelsen.

— Vi ser på om vi kan byggje opp igjen delane av Holmedalsgården som vart øydelagde av brann i 1958. Vi er i dialog med offentlege styresmakter om dette, seier Bjørkhaug.

Det er framleis uvisst om og når planane blir realisert.

Stiftelsen-direktøren synest ideane Hanne Finseth kastar fram er spennande i seg sjølv. Men:

— Ikkje midt oppi blautkaka.