Dette synest klart sidan kravet om forlenga fengsling ikkje blir grunngjeve med fare for at han på frifot kan øydelegga bevis.

— Den sikta vil bli framstilt for Sunnfjord tingrett i Førde fredag, opplyser politiadvokat Sissel Kleiven i Sogn og Fjordane politidistrikt til Bergens Tidende.

Ho vil kreva varetektsfengslinga lengd med fire veker, i første omgang.

— Sidan det ikkje lenger er fare for at bevis kan gå tapt, krev vi fengsling etter paragraf 172 i straffeprosesslova, opplyser Kleiven.

Denne paragrafen gjev høve til å halda mistenkte bak lås og slå, før fellande dom, sjølv om vilkåra i hovudregelen (paragraf 171) ikkje er oppfylt. Den krev fare for at vedkomande skal stikka av, øydelegga bevis, eller gjera nye strafflagde handlingar. Ved bruken av unntaksregelen skal retten legga vekt på om ålmenta si rettskjensle vert krenkt, eller det kan kjennast utrygt om den mistenkte er på frifot.

41-åringen er sikta for drapet på sjukepleiarelev Anne Slåtten i Førde etter eit «treff» på DNA-test. Den viser at mannen har vore i nær kontakt med offeret. Politiet har gitt uttrykk for at dei temmeleg sikkert har funne rett gjerningsmann, men har ikkje fortalt kva form DNA-sporet har, og kvar på offeret det vart funne. Det er venta at politiet vil letta litt på sløret under fengslingsmøtet i Førde fredag.

— Den sikta har ikkje tilstått drapet. Han er ganske diffus på kvar han har vore i det aktuelle tidsrommet, opplyser Kleiven.

Mannen har site varetektsfengsla i Ålesund i fire veker sidan pågripinga, og må sleppast fri dersom politiet ikkje får medhald i kravet om lengre fengsling.