— I tillegg vil vegen, også kalla Tverrsambandet, opna nye areal både i Askøy, Meland og Radøy for busetjing og næringsutvikling, skriv rådmann Odd Magne Utkilen i ei saksutgreiing.

Utgreiinga frå rådmannen skal handsamast både i formannskapet og i kommunestyret på Askøy utover hausten.

Ordførar Knut Hanselmann seier til BT at dei vil skipa eit aksjeselskap som skal ta seg av vidare planlegging. Hanselmann understrekar at dette ikkje berre handlar om Tverrsambandet. Det finst nok av utfordringar på vegsektoren også innanfor Askøy kommune. På toppen av dette kjem sambandet mot Bergen og Sotra, der vegkapasiteten over Askøybrua og mot Storavatnet vert sett på harde prøver i åra som kjem.

(Artikkelen fortsetter under grafikken...)

Ytre ring

Det følgjer av dette at det nemnde aksjeselskapet må vera interkommunalt, med deltaking frå alle kommunane som ligg rundt Askøy.

Ein av dei som er oppglødd over dette, og særleg for Tverrsambandet, er Arne Sortevik, Frp, som sit i Stortingets transportkomite.

— Tverrsambandet kan vera ein del av ein ytre ring rundt Bergen og samstundes gje eit kort samband mellom Øygarden og Mongstad. Det vil gje store innsparingar for transporten mellom dei to industriknutepunkta, seier Sortevik. Han seier han fekk ny innsikt i kor viktig dette sambandet er for eit par veker sidan, då han var på synfaring i båt mellom Askøy og Radøy. Han var saman med m.a. Knut Hanselmann og partiet sin samferdsletalsmann i fylkestinget, Gustav Bahus.

Guide var Kjell Kristensen, bedriftseigar på Mjølkevikvarden, som er ein ihuga talsmann for eit vegsamband med tunnel under Det Naue frå Askøy til Meland.

Ei bru skal så føra vegen over til Radøy.

Mellom Askøy og Øygarden er det vanskeleg å koma utanom ferje. Likevel vil transport denne vegen mellom Nordhordland og Øygarden gje store innsparingar både i tid og køyrelengd.

Regionalt vegselskap

Sortevik seier at han vil ta opp saka om Tverrsambandet med Hordalands-benken på Stortinget med tanke på mogleg omtale i Nasjonal Transportplan (NTP).

— NTP-prosessen kan ikkje vera så byråkratisk at gode prosjekt vert stengt ute berre fordi dei ikkje er arbeidde langt nok fram. For Tverrsambandet sin del vil det vera naturleg med eit regionalt selskap der næringslivet er med. Selskapet tek opp lån, gjerne frå staten og til god rente, og forskotterer bygginga av vegsambandet.

— Så langt eg har forstått samferdsleminister Liv Signe Navarsete har ho vist seg open for slike løysingar, og det er gledeleg, seier Arne Sortevik. Et godt forslag? Si din mening her.