Anders Vikøren pendlar på riksveg 13 frå Vik til Voss, og er lei av at fjellovergangen over Vikafjell ofte er stengd om vinteren.

– Når Røkke har varmekablar i oppkøyrsla si til hytta på Oppdal, og vi som produserer så mykje straum her i Vik burde kanskje kunne prøve det vi også, seier han til NRK Hordaland.

Vegen har vore stengd i tre veker sidan nyttår, og Vikøren vil derfor ha varmekablar i vegba-na på det mest kritiske punktet, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Det vil seie ei strekning på om lag sju kilometer.

– Midt på høgaste punktet ligg Skjelingsvatnet. Det renn ned i Målsetvatnet og høgdeskilna-den er ganske stor. Der er det mogleg å leggje inn eit kraftverk. Om det var i konsesjonsvilkå-ra at det skal levere straum til varmekablar i vegen, så trur eg ikkje det ville vere uråd, seier han.

Anleggsingeniørar reknar med at det vil koste rundt 30-40 millionar å leggje varmekablar ned i vegen, i tillegg til driftskostnader.

God ide med varmekablar over fjellet? Si di meining under!

Arne Hofseth
KNUT STRAND