Rådet meiner dei mange krava helseminster Dagfinn Høybråten har stilt for å akseptere at fødeavdelinga i Lærdal blir gjort om til fødestove, i praksis er ei erkjenning av store manglar ved sakshandsaminga i Helse Førde og Helse Vest.

Ei juridisk utgreiing gjort av advokatfirmaet Lindh Stabell Horten DA konkluderte med at det er gjort fleire alvorlege feil. Mellom anna peikar juristane på at konsekvensane for kommunehelsetenesta ikkje blei vurdert før nedleggingsvedtaket blei gjort. Feila er så store at det kan ha påverka vedtaket i helseføretaket.

Helseministeren har kravd utgreiingar på bordet før 1. november, mellom anna om nettopp forholdet til primærhelsetenesta i kommunane.

— Ei slik alvorleg mangel ved sakshandsaminga kan ikkje reparerast ved utgreiingar etter at vedtak er fatta. Dette vil vere direkte i strid med lova, heiter det i eit brev som tidlegare denne veka gjekk frå rådsleiar Olav Wendelbo til statsråden.

I brevet kjem det også fram at ei utsetjing kan gjere at jordmødrene ved sjukehuset trekkjer tilbake oppseiingane sine, eller let vere å seie opp til nytt endeleg vedtak er fatta. Samtlige jordmødre ved sjukehuset har gitt beskjed om at dei kjem til å seie opp.