— Ein slik tunnel vil gje eit heilårssamband i låglandet som vil vere svært gunstig. Det blir den absolutt kortaste vegen mellom Bergen og Trondheim, seier kommunepolitikar Anders Bolstad (Ap) til Sogn Avis.

Han meiner ein slik tunnel ikkje treng bli meir enn 12-15 kilometer lang. Køyretida mellom Bergen og Trondheim kan kortast ned til 8-9 timar. Til samanlikning brukar ekspressbussen Bergen-Trondheim i dag nesten 15 timar på turen.

I samband med den nye nasjonale transportplanen ber Luster kommune om at det blir utgreidd eit slikt stamvegalternativ. Innslaget skal vere ved Svensøy i Fortunsdalen, ikkje langt frå den meir kjende garden Ormeli. Tunnelen skal kome ut att på Høydalsseter i Lom kommune.