Vil ha storhamn på Askøy

Nordre Askøy er framtida. Her ligg løysinga som sparer Bergen for trafikk, og gjer livet lettare for folk og næringsliv i Nordhordland.

Det er reine kinderegget Kjell Kristensen presenterer i eit brev til Askøy kommune, og som formannskapet skal drøfta tysdag 27. mai:

  • Mjølkevikvarden industriområde må verta kvitt steinknuseverket, som kan leggja band på all utvikling i området i opptil 50 år. Mjølkevikvarden må i staden køyrast fram som eit aktuelt alternativ som ny storhamn for Bergen.
  • Det må byggjast ny riksveg, Tverrsambandet, frå Nordhordland over Meland til Askøy, og ferje vidare til Øygarden.
  • BKK sin høgspentkabel frå Mongstad til Kollsnes kan leggjast i veggrøfta.

Nei til steinknuseverket
Den tidlegare Høgre-politikaren er for lengst pensjonist. Men han har fiskeforedlingsbedrift på Mjølkevikvarden og tyskarar året rundt i ferieanlegget sitt på Herdla.

Ved sida av tek han seg tid til å «plaga» sin eigen heimkommune, Askøy, resten av Nordhordland, Bergen og fylket med planar for korleis framtida kan skapast for regionen.

- I fyrste omgang er det viktig at Askøy formannskap omgjer vedtaket sitt om å tilrå ny konsesjon for 50 år for steinknuseverket. Eg har stor tru på at det vil skje, seier Kristensen.

Han skjønar ikkje at fylkesmannen har sagt ja til konsesjon. Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland, seier at dei har sendt motsegn på grunn av støy og støvplager frå steinknuseverket.

- Skipsleia går her
Kjell Kristensen er ikkje imot å utvida arealet som skal sprengjast ut. Men han meiner det må skje innanfor ei planmessig utvikling til næringsområde, som til dømes ei ny storhamn for Bergen.

- Men Mjølkevikvarden fall ut då fylkeskommunen vedtok fem lokalitetar som skal utgreiast nærare som mogleg storhamn for Bergen. Ei av grunngjevingane i Norconsult sin rapport var at området på nordre Askøy ikkje ligg ved skipsleia inn til Bergen. Er du ikkje for seint ute?

- Jammen kjære folk. Dette er då skipsleia inn til Bergen. Rett borti her ligg Det Naue, som skal sprengjast ut for å tillata trafikk med store skip inn til Bergen hamn.

Veg fram til hamna
Kristensen er særleg oppteken av at ei storhamn på Mjølkevikvarden kan få direkte vegsamband mot Nordhordland og Mongstad - utan at trafikken treng å belasta verken vegane gjennom Bergen eller det trafikktunge Sotrasambandet. Tunnelen frå Askøy under sjøen til Meland kan få inngang i enden av industriområdet. Vegsambandet over til Meland gjer det mogleg å utvikla areal i Meland kommune som ein del av ei ny storhamn.

På kartet har Kjell Kristensen teke seg til rette i grannekommunen og markert eit område på sørsida av Eldsfjellet som ein del av eit samla hamneområde. Ordføraren i Meland, Nils Marton Aadland (H), seier at dei sjølve har leita etter eigne hamneområde, men utan å finna noko som kunne høva. I forhold til Kristensen si skisse må Aadland ta omsyn til at Meland kommunestyre har gått saman med dei andre kommunane i Nordhordland i å støtta Mongstad som mogleg storhamn for Bergen.

Meiningar om saka? Diskuter her!

Les også:

Siste fra Lokalt

Fakta

Ny storhamn for Bergen

  • Hordaland fylkeskommune har starta eit utgreiingsarbeid for å finna fram til den beste plassen for ny storhamn til Bergen.
  • Etter innleiande rundar er fem stader plukka ut til finalen: Lundaneset i Sund, Ågotnes og Vinnesskarven i Fjell, Mongstad i Lindås og Flesland i Bergen.
  • Mjølkevikvarden i Askøy er ikkje mellom dei siste utvalde.

Bilder

NATURLEG HAMN: - Herdlafjorden er den naturlege skipsleia inn til Bergen. Her er plassen for den framtidige hamna til Bergen, seier Kjell Kristensen.