Kjell Kristensen i Herdla Fiskemat seier til Kystradioen at fleire bedrifter i dette industriområdet manglar arbeidskraft, og har behov for å få tilsett 25 årsverk i tillegg til dei 154 arbeidsplassane som finst i dag. Men det manglar tilrettelagde bustadtomter på nordre Askøy for dei som ønskjer å flytta dit.

Vegstandarden på nordre Askøy er også svært dårleg og gjer kommunikasjonen vanskeleg for transport av større kjøretøy. Dette kan bety at bedrifter må flytta. Og skal industriområdet fungera slik det var tenkt, må både staten og Askøy kommune koma fort på bana, krev næringslivet nord på øya.

Næringsminister Gabrielsen vil ifølge Kystradioen bli beden om å visa i praksis korleis den noverande regjeringa vil løysa distriktspolitikken og oppretthalda busetnaden i utkantstrok.