Gudrun Molden i HLM plan og arkitektur er samd med dei som meiner at nybygget til Gulating er feilplassert. Men ho synest ikkje det er ein god ide å flytta dette bygget nærare Kaigaten for å skapa ein rådhusplass nord for Rådhuset.

– Det blir ingen god plass, sola vil aldri nå ned dit. Plassen vil liggja innestengd bak ein høg vegg. Byen bør heller få ein rådhusplass i sola vend mot Bybanen i Kaigaten og Festplassen, seier ho.

– Bybanen vil gjera Kaigaten viktig, denne gata vil få ny status og inngangen til Rådhuset bør snuast den vegen, seier Molden.

– Dette vil kunna bli ein veldig fin plass, innramma i bakkant av to flotte bygg frå kvar si tid, Manufakturhuset og Bergen Rådhus.

**Les òg:

Meiner Gulating hamnar på feil plass**

FRIGJORDE FASADAR: Rivinga i Christies gate openberrar fasadar byen ikkje har sett og avdekkjer den rådhusplassen Bergen kunne ha fått. Men plassen vert rydda for å gje plass til det nye Gulating-bygget. Statsbygg vil starta byggjearbeidet i juni.
Jan M. Lillebø

Glasfasade Kontoret hennar vurderte ei vidareutvikling av rådhuskvartalet på oppdrag av Bergen kommune for eit par år sidan. Arkitektane tilrådde mellom anna at det opne rommet under søylene til Rådhuset vart kledd inn med glas.– Vi innretta oss etter det vedtaket som var gjort om Gulating, og det bygget blir neppe flytta. Når nybygget kjem, vil inngangen til Rådhuset bli endå meir anonym enn den har vore til no. Den vil bli liggjande bak ein sju etasjar høg vegg. Det er på tide at kommunen tar fram att denne saka, meiner Molden.

**Les òg:

Rådhusplassen Bergen går glipp av**

Tre ting avgjerande – Det er eit problem at det aldri blei laga nokon offentleg plass i tilknyting til byens nye rådhus. Det einaste vi fekk var ei kontorblokk, ikkje det offentlege rommet som høyrer til, seier arkitekten.

Som BT skreiv søndag, meiner også kommunaldirektør for byutvikling, Edel Eikeseth, at ein rådhusplass nord for Rådhuset blir for solfattig og mørk.

Ho fortel at det var tre ting som var avgjerande for kommunen då nybygget til Gulating blei plassert.

– Vi ville opna opp for fasaden til Telegrafbygningen mot Kaigaten, utvida Byparken på skrå mot Posthuset og leggja til rette for eit bybaneløp mot nord. Til grunn for dette låg ein analyse frå kommunen si planavdeling, seier ho.

– Rådhuset er flott Arkitekt Terje Grønmo i Østgaard Arkitekter AS som har teikna Gulatingbygget, seier til BA at poenget med å byggja den nye rettsbygningen så nær brannstasjonen, var å dempa inntrykket av det høge Rådhuset.

– Det er synd at nybygget gjer alt det kan for å dekka til Rådhuset. Rådhuset er flott og hadde fortent å få stå fritt, seier Gudrun Molden.

Kor vil du ha rådhusplassen?

MARTIN EILERTSEN