Komiteen vedtok i går, å sende ruteframlegget på høyring til involverte kommunar før saka kjem tilbake for endeleg avgjerd.

Fylkesrådmannen skal vurdere kvar båten skal stoppe mellom Bergen og Rosendal, samt utarbeide forslag til konkrete erstatningsopplegg i ytre Kvinnherad og indre Sunnhordland.

HSD Sjø har laga skisse til ruteopplegg. Med ein båt som gjer 26 knop, vil det ta ein time og 45 minutt mellom Rosendal og Flesland, og ein halv time lenger til Bergen.

Planen er å ha to turar kvar veg måndag til fredag, og ein tur kvar veg laurdag og søndag.

Innafor nogjeldande budsjettramme meiner komiteen, det neppe er mogeleg å oppretthalde noverande rute mellom Sunnhordland og Os i tillegg til ny rute mellom Rosendal og Bergen. Delar av ruteområdet kan difor få ulemper dersom rutene blir lagde om.

Saka går vidare til møtet i fylkesutvalet i Hordaland 21. og 22. november.