Det er grunn til å tru at køyretida for ein tungtransport kan kortast med 30 prosent, frå ca. 13 timar på E39 til rundt ni timar via Lom og Dovrefjell.

— Vi har skisser som viser korleis ein tunnel vil gje eit kort samband frå Fortun i Luster til Bøverdalen i Lom, seier senioringeniør Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

Ein slik tunnel vil få ein høgdeskilnad på mellom 600 og 800 meter, alt etter lengda.

— Fullt forsvarleg, meiner Kjell Kvåle. Minste lengd som er mogleg å få til ligg truleg på i overkant av 20 kilometer.

Berre sommarveg

For å unngå ferja Manhiller-Fodnes trengst det ein tunnel til; frå Fortun til Øvre Årdal. Ein slik tunnel kan byggjast flat som Lærdalstunnelen. Lengd? Også vel 20 kilometer.

Det ferjefrie sambandet finst alt i dag, men berre som sommarveg og Rv. 55 over Sognefjellet er heilt ueigna for tungtransport.

I samband med stamvegkonferansen til Norges Lastebileigarforbund sist helg sette BT fokus på køyretider og kostnader langs E39 frå Stavanger til Trondheim. Tal frå Statens vegvesen synte at ein tungtransport brukar 18 timar på 880 kilometer langs E39. Ferjer og bompengar summerte seg til vel 5600 kroner.

49 km i timen

Til samanlikning køyrer same tungtransporten frå Stavanger via Oslo til Trondheim på 17 timar, endå den vegen er 220 vegkilometer lengre. Ingen ferjer. Eit par bompengepasseringar kostar under 300 kroner.

Reknar vi dette om i fart, får vi 49 kilometer i timen langs kysten og 65 kilometer i timen på turen via Oslo.

Sju milliardar fiks ferdig

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fortalde lastebileigarane om planar for 45 milliardar kroner som ventar langs E39. To av dei er fjordtunnelar i superklassen, 20 til 25 kilometer, under Boknafjorden og Romsdalsfjorden. Kvar av dei vil kosta seks-sju milliardar etter dagens prisar.

Om vi held oss til prisoverslaget for dei planlagde nye tunnelane på Haukeli, vil to tunnelar Årdal-Fortun og Fortun-Bøverdalen kosta til saman seks-sju milliardar kroner, eller det same som ei av dei to ovanfor nemnde fjordkryssingane.

Og då er den ferjefrie heilårsvegen Bergen-Trondheim klar til bruk.

Prioriterer kysten

Kjell Kvåle seier til BT at dei har planar og idear klare til bruk dersom det skulle koma politiske signal om interesse for snarvegen til Trondheim via indre Sogn.

Men så langt har dei ikkje høyrt noko. Dei politiske prioriteringane ligg lengre ute mot kysten.

— Vi har ikkje diskutert dette hjå oss, seier fylkesordførar Nils R. Sandal (Sp) i Sogn og Fjordane.

— Våre prioriteringar ligg på E39 og på kystvegen. Men dette er svært interessante tankar, seier han.

Mange vil køyra vegen

Frank Holene, som har eit transportfirma i Hafslo innanfor Sogndal, seier at tunnel under Sognefjellet har vore framme som lokalt forslag i Luster. Holene meiner ein slik tunnel må kombinerast med tunnel frå Fortun til Årdal.

— Dersom det kom ein slik veg, er det klårt av mange ville nytta han, seier Frank Holene.

Gamle-vegsjefen i Sogn og Fjordane, Lars Lefdal, kan ikkje hugse noko politisk krav om tunnel under Sognefjellet, bortsett frå lokalt i Luster.

Kva synest du om forslaget? Diskuter saka her.

VINTERSTENGT: Det ferjefrie sambandet finst alt i dag, men vegen går opp til 1430 meter over havet, er bratt og svingete og lite eigna for næringstrafikk. Vegen er dessutan stengt om vinteren. I bakgrunnen på biletet ser vi Smørstabbreen og Smørstabbtindane.
ARKIV