Gravearbeidet for utvidinga av Fleischer's Hotell er i gang att etter brannen. Utvidinga mot perrongen på jernbanen skal gje betre plass til hotellkjøkenet for framtida. Brannen natt til onsdag oppstod rett før innkjøpslista for kjøkenutstyr skulle leverast.

— Vi kjem til å gå grundig gjennom planane ein gong til, i lys av det som har skjedd, seier Erik Tønjum.

Rikt utval

Hotelleigaren viser til at det finst eit stort utval i kjøkeutrustning med ulike former for sikring mot brann. Mellom anna finst det lòk som automatisk legg seg over frityrpanner ved første teikn til brann.

Tønjum er også oppteken av at ventilasjonskanalar vert førte fram på ein måte som minimaliserer brannfaren.

— Gir det offentlege tilskot til brannsikring av kulturskattar som dette?

— Ingenting kjem automatisk. Under visse omstende kan det søkjast om tilskot, men Fleischer's har så vidt eg veit aldri vore i ein slik posisjon. Vi har investert store beløp i huset utan å få eit øre i offentleg tilskot.

— Er krava til brannsikring strenge?

— Ved ombyggingar og utvidingar følgjer vi dei krava som regelverket set, og vel så det. Heile hotellet har sprinklaranlegg.

— Kommentar til Riksantikvaren sine hint om skjerpa reglar?

— Kan brannsikringa gjerast enda betre, så er det bra. Men skal det innførast vernereglar som gjer eldre trehus urimeleg mykje dyrare i driva hotell i enn andre, bør det følgja pengar med, seier Erik Tønjum.

Interrimsordningar

I desse dagar blir det arbeidt intenst med å finna ei straksløysing på kjøkenspørsmålet på Fleischer's, eit kjøken som kan fungera den første tida, og eit for dei næraste månadene.

— Det vil ta eit års tid før det nye hotellkjøkenet for framtida er på plass. Difor arbeider vi intenst med å finna løysingar for kjøkentenestene i mellomtida, seier Tønjum.

Politiet tok i går til med den tekniske etterforskinga av brannen. Arbeidet vert utført av folk frå kriminalteknisk avdeling ved Hordaland politidistrikt.

Sævig Rune
Sævig Rune
Sævig, Rune