Martin Charles Evertsen (25) frå Stavanger vart eitt av fire dødsoffer då eit BAe 146-fly frå Atlantic Airways køyrde ut av rullebana og tok fyr på Stord lufthamn Sørstokken 10. oktober i år.

– Martin vart tilsett som sivilingeniør i Aker Kværner Elektro 1. september. Dette var andre eller tredje turen hans til Aukra på jobb. Han hadde garantert nekta å reisa med denne flytypen om han hadde visst om alle ulukkene, trur Evertsen.

Seks dødshavari

49-åringen kom over dei nedslåande ulukkestala på ei nyhendeside på Internett 26. oktober – same dag som sonen vart gravlagt.

– Det gjorde så utruleg vondt å lesa. Dersom statistikken stemmer, så er det for meg heilt utruleg at flytypen framleis er i drift.

Statistikken stemmer. Det stadfestar kommunikasjonssjef Thorbjørn Ancker i Statens Luftfartsvæsen (SLV) i Danmark.

– I perioden 1987 til 2006 har det vore 17 hendingar med BAe 146 som har ført til skade på flyet. Ti av desse har vore havari. Seks av havaria var fatale med til saman 216 omkomne.

Ancker viser til ei oversikt på Aviation Safety Network, ein database som SLV reknar som ei påliteleg kjelde:

    1. oktober 2006: Fire omkom og tolv overlevde då ein maskin frå Atlantic Airways sklei av rullebanen under landing på Stord.
    1. januar 2003: 75 omkom og fem overlevde då ein maskin frå Turk Hava Yollary sklei ut av rullebanen i tåke i Diyarbakir i Tyrkia.
    1. november 2001: 24 omkom og ni overlevde då ein maskin frå Crossair styrta under innflyging til Zürich i Sveits i dårleg vêr.
    1. september 1998: Alle 38 om bord omkom då ein maskin frå Paukn Air styrta i ei fjellside like utanfor flyplassen i Melilla i Spania.
    1. juli 1993: 55 av 58 personar omkom då ein maskin frå China Northwest Airlines styrta like etter takeoff frå Yinchuan i Kina.
    1. februar 1991: 20 omkom og 53 overlevde då ein maskin frå LAN Chile sklei av rullebanen under landing i Puerto Williams, Chile.

    I tillegg mista 43 menneske livet då eit BAe 146 frå Pacific Southwestern Airlines vart kapra og styrta mellom Los Angeles og San Francisco, 7. desember 1987.

    Flygingane held fram

    Flytypen British Aerospace BAe-146 er framstilt i England og typesertifisert av dei engelske luftfartsstyresmaktene. Flytypen er produsert i 391 eksemplar frå 1981 til 2003.

    Ancker fortel at det finst sju danskregistrerte fly av typen BAe 146.

    – Alle fly på dansk register må syna til gyldig luftdugleiksbevis frå SLV. SLV skriv ikkje ut slike bevis utan at flyet er funne i tryggleiksmessig forsvarleg stand.

    Kommunikasjonssjefen fortel at det ikkje er noko som indikerer tryggleiksmessige problem med flytypen.

    – Det er derfor heller ingen planar om å ta den ut av trafikk.

    Arthur Evertsen føler likevel ikkje at alle fakta er komne på bordet. I eit brev til samferdsleminister Liv Signe Navarsete syner han til ulukkesstatistikken og ber Luftfartstilsynet om å stoppa trafikken med BAe 146 i Noreg.

    I svaret skriv Navarsete dette:

    «Luftfartstilsynet opplyser at ingen norske flyselskaper benytter flytypen BAe 146. Slike fly er heller ikke registrert på norsk register. Norske myndigheter har i utgangspunktet ikke anledning til å innføre et generelt forbud mot bruk av denne flytypen i Norge. (...) Jeg er også bekymret over oppslagene i media om mange ulykker med BAe 146. Jeg vil derfor be Luftfartstilsynet undersøke med sine internasjonale samarbeidspartnere, og andre lands luftfartsmyndigheter, om det er behov for konkrete tiltak knyttet til flytypen».

    Vurderer søksmål

    Evertsen er nøgd med svaret. Han har likevel ingen planar om å slå seg til ro med det.

    – Eg er innstilt på å jaga sanninga bak Stord-ulukka heilt til døra. Havarikommisjonen vert avgjerande for kva me vil føreta oss vidare – om det er grunnlag for å reisa søksmål mot Atlantic Airways eller ikkje.

    I juni måtte flygesjefen i Atlantic Airways gå frå stillinga grunna rot og systemsvikt, ifølgje avisa Dimmalætting på Færøyane. Og sist fredag måtte ein av selskapa sine maskinar naudlanda på Flesland etter problem med flapsen. 46 passasjerar var om bord, ingen kom til skade.

    – Dette bidreg til skepsis. Alle fakta skal uansett fram. Det er det minste me skuldar Martin.

    Så langt har ikkje Evertsen krefter til å søkja kontakt med andre pårørande etter flyulukka. Det er noko han ønskjer no.

    – Sorga er frykteleg vanskeleg å bera. Av og til får eg berre lyst til å legga meg ned og gje opp. Difor trur eg det hadde vore godt å få snakka med nokon i same situasjon. Saman hadde me også stått sterkare i kampen for å nå til botn i kva som eigentleg skjedde på Stord 10. oktober.

    Eirik Brekke