Først vart det regionale vegkontoret for Vestlandet lagt til Leikanger — ikkje Bergen. No kan det regionale tollkontoret bli lagt til Stavanger - ikkje Bergen.

Iallfall hvis arbeidsgruppa, som har gått gjennom Tollvesenets distriktsforvalting, får det som den vil. Men det kjem ikkje til å skje utan kamp frå Bergen.

— Vi kjem til å kjempe imot. Heilt klart, seier tolldistriktssjef i Bergen, Ivar Sletten, til BT.

Han er overraska og skuffa.

— Vi hadde håpa og trudd at Bergen skulle bli valt.

Ny Region Vest

Tollvesenet skal effektiviserast. Målet er å frigjere hundre av etatens 1700 årsverk, slik at ressursane kan setjast inn der behova er størst, melder NTB.

I går kom rapporten, som tar til orde for seks nye tollregionar i Norge - ikkje ti som i dag. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane blir Region Vest, med Stavanger som regiontollstad.

— Dette vil få stor betydning for Bergen som distriktstollstad for Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Sletten. Men nøyaktig kva konsekvensane blir, kan han ikkje svara på enno.

— Eg har nettopp fått rapporten på bordet. Men no skal vi sjå nøye på argumenta og konklusjonane i rapporten. Så skal vi sjå om vi har noko å tilføye, og om vi kan trekke andre slutningar, seier tolldistriktssjefen.

Slutt for Stord, Odda og Florø

Arbeidsgruppa vil også leggje ned i alt sytten tollstader, mellom dei Stord, Odda, Florø og Måløy. Sogn og Fjordane blir dermed heilt utan tollstader.

Bergen distriktstollsted har totalt hundre tilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane. Nitti av desse arbeider i Bergen.

— I utgangspunktet skal ingen bli oppsagde, men nokon må truleg flytte på seg, seier Sletten.

Endeleg vedtak er venta tidlegast ved juletider.

MÅ RASJONALISERE: Tollvesenet skal frigjere 100 årsverk. Det er difore foreslått å flytte regiontollkontoret frå Bergen til Stavanger.
ARKIVFOTO: HELGE SUNDE