Borgarting lagmannsrett i Oslo tek måndag fatt på ankene frå ligaen som smugla ein halv million liter rein sprit via Ålvik i Hardanger. Det tilsvarar vanlege polflasker med brennevin tett i tett langs E16 frå Bergen og like til Flåm (16 mil).

Hjelpte med oppklaring

Ein Hamar-mann vann også rett til ny straffeutmåling i lagmannsretten, men forsvararen, advokat Sigurd Klomsæth, har trekt anken i siste liten. Mannen har etter alt å døma nok med å bli etterforska i metanol-saka, og forsonar seg med fengsel i tre år og seks månader for Ålvik-affæra. Han må dessutan tola inndraging av fire millionar kroner av fortenesta.

Stordabuen vart i Oslo byrett dømt til fengsel i fem år, men to av fengselsåra vart gitt på vilkår. Det vil seia at han slepp sona desse to åra dersom han held seg borte frå strafflagde handlingar i ei prøvetid på to år.

Byretten la vekt på at 59-åringen gjennom politiforklaringane sine hjelpte godt til med oppklaring av saka. Men det tala sterkt i hans disfavør at han heldt fram med spritsmugling (16.000 liter over Svinesund i mai 1999) etter at han vart skvisa ut av Ålvik-ligaen og byrja for seg sjølv, med hjelp av sonen. Han vart «teken på fersken» i Sykkylven i september 1998, med våpen i bilen og 16.000 liter sprit smugla via Ålesund.

Sugla 229.600 liter

Forsvararen, advokat Erling Flisnes, Ålesund, seier til Bergens Tidende at klienten er rimeleg trygg på at straffa ikkje vert skjerpa av lagmannsretten. Når kjæremålsutvalet etter anke frå den dømde tillet ny prøving av straffeutmålinga, kan det vera eit teikn på at straffa kan bli mildare, meiner Flisnes.

Klienten hans vart dømt for medverking til smugling av 229.600 liter sprit via Ålvik, ti av dei 20 containarane som kom inn denne vegen i 1997-98. Han hadde i utgangspunktet tilstått, og var tiltala for, medverking 11 gonger. Men byretten kom til at han måtte vera skvisa ut av dei andre før last nummer 11 kom. Fyljeleg vart han også frifunnen for eitt (av elleve) tilfelle av valutasmugling, men dømt for å ha teke med vel 2,8 millionar kroner ulovleg til utlandet for å betala sprit.

Misbrukte stilling i Bergen

Lagmannsretten har sett av fire veker til saka, mest fordi ein 32— åring frå Oslo også får skuldspørsmålet vurdert på nytt. I byretten fekk han fire og eit halvt års fengsel utan vilkår og fem millionar kroner i inndraging, trass iherdig forsvar av advokat Trygve Staff.

Hovedmannen på smuglarsida, ein 35-åring forsvart av advokat Harald Stabell, vart i byretten dømt til seks års fengsel og må tola fem millionar kroner i inndraging. Han misbrukte stillinga si i eit reiarlagskontor i Bergen til å få spriten sendt med båt frå Rotterdam til Ålvik. Denne dommen blir ståande. Anken er avvist. Den 36-årige sonen til Stord-mannen godtok sin dom på eitt års fengsel, derav ti månader på vilkår, og anka ikkje.

«Formannen» (47) vert rekna som hovedmann for heile ligaen. Han er i Indre Follo herredsrett dømt til fengsel i åtte år, og inndraging av 25 millioner kroner, men får straffeutmålinga til ny prøving i Borgarting lagmannsrett i mars. Mannen har busett seg i Spania, men vart i haust «bura inne» av spanske styresmakter for utlevering. I eit intervju med Anders Magnus i NRK nekta han straffeskuld.

Ein bergensar vart sjukmeld til saka i Indre Follo i mai-juni 2001, og er no stemna for retten på Ski i slutten av april. Han er ikkje tiltalt for smugling over Ålvik, men 120.000 liter sprit over Svinesund. Saman med m.a. to andre bergensarar vart han i Kristiansand byrett dømt for smugling av 19.470 liter sprit med danskebåten i april 1998. Men han vart seinare frikjent av Agder lagmannsrett.