Svara skal vera på veg gjennom den kvalitetssikringa av kostnader og trafikktal som departementet har tinga hjå ein frittståande konsulent.

Kan bli utsett

Kravet frå Frp vart sett fram i går som ein resolusjon frå årsmøtet i fylkeslaget i Hordaland.

Denne resolusjonen hadde det kanskje ikkje vorte noko av, om ikkje Kvinnherad kommunestyre hadde skapt dramatikk i saka med sitt vedtak torsdag. Kommunestyret vedtok då med ordførar Bjarne Berge si dobbeltrøyst å godkjenna reguleringsplanen for eit traséval som er 40 millionar kroner dyrare enn den godkjende finansieringsplanen legg opp til.

Vedtaket i Kvinnherad kan føra til at Jondalstunnelen vert utsett. Etter planen skulle regjeringa leggja fram proposisjon om tunnelen før påske.

Ugreia må bort

Finansieringsplanen for tunnelen går ut frå ein pris på 529 millionar kroner, medrekna finans— og såkalla byggherrekostnader. NCC Anlegg Vest meiner dei kan byggja tunnelen etter Kvinnherad kommune sitt traséval for godt under 450 millionar kroner. Medrekna finans- og byggherrekostnader, kan det gje ein sluttsum under den godkjende finansieringsplanen.

— Ugreia som no er skapt i saka må ryddast bort. Vi har kostnadsoverslag frå kjende entreprenørar som tyder på at Statens vegvesen har rekna tunnelprosjektet svært høgt. Dessutan er det også viktig å få avklåra finanskostnadene i prosjektet. Lånerenta som er nytta i overslaget ligg over den renta som dei no reknar med for Hardangerbrua. Her og kan det vera store summar å spara, seier stortingsrepresentant og medlem av transportkomiteen, Arne Sortevik, til Bergens Tidende.

Tunnelmøte i dag

Saman med komitekollega Øyvind Halleraker har Sortevik invitert til idédugnad om Jondalstunnelen i fylkeshuset måndag ettermiddag. Mellom dei som møter er ordførarane Bjarne Berge frå Kvinnherad og Toralv Mikkelsen frå Odda. Frå Jondal møter ordførar John Skogseth eller varaordførar Sigrid Brattabø Handegard. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg representerer fylkeskommunen. Det er og venta at Statens vegvesen vil stilla opp.

Øyvind Halleraker har for sin del merka seg at komitemedlem Truls Wickholm frå Arbeidarpartiet (Oslo) har gått ut i BT og lova støtte for arbeidet med Jondalstunnelen.

— Det er svært interessant at ein representant for det største regjeringspartiet engasjerer seg. Wickholm er ein vi har god kontakt med, seier Halleraker.