For eit år sidan vende bystyret tommelen ned for ei prøveordning med sprøyterom i Bergen sentrum. No bles Venstre og Hans-Carl Tveit nytt liv i debatten.

I ein interpellasjon til bystyret førstkomande måndag ber Tveit byrådet om å kartleggje misbruk og levekår blant narkomane i Bergen, og etterlyser også ein tiltaksplan for oppfølging av narkomane.

Samtidig ber han byrådet om å revurdere spørsmålet om sprøyterom.

— Situasjonen med sprøytemisbrukarar i offentlege rom er ute av kontroll, hevdar Tveit, og viser blant anna til fleire BT-artiklar nyleg.

Der kjem det fram at toaletta på Studentsenteret i Bergen blir brukte som sprøyterom og varmestove av byens narkomane. Talet på narkomane som brukar offentleg rom for å setje sprøyter, skal vere veksande. Offentlege toalett må stadig stengjast for reingjering, etter funn av restar av blod, sprøyter og nåler.

I fjor stilte Tveit spørsmål til byrådet om problema med rusmisbrukarar på Studentsenteret. Då svarte helsebyrådet at ein skulle sjå på alternative løysingar i samarbeid med universitetet.

— Men ingenting har skjedd, hevdar Tveit.

— Problema har spreidd seg til kjøpesentre og Legevakten, og i dag har vi ingen oversikt over situasjonen. No må vi raskt få ein tiltaksplan på bordet.

Venstre ønskjer at eit sprøyterom i Bergen sentrum skal inngå som ein del av eit heilskapleg helsetilbod for narkomane. I 2001-2003 var det registrert førti til femti overdosetilfelle i Bergen.