EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Godt over 100 sinte studentar samla seg utanfor rektors kontor på Nygårdshøyden litt etter klokka 14 onsdag. Det vart ikkje noko forsoningsmøte.

— Vi har meldt aksjonen til politiet. Den meldinga står vi ved, sa rektor, etter å ha vorte spurt om ho var villig til å be påtalemakta droppe vidare straffeforfølging av okkupantane. Ho måtte tåle høglydt buing som takk for svaret.

- Må ta vare på eigedom Politi utstyrt med rambukk braut seg inn i det okkuperte huset tidleg onsdag morgon. Ein etter ein vart dei bore ut og frakta til politihuset. Der sat dei i fire timar i arresten før dei slapp ut.

— Universitetet har plikt til å ta vare på statens hus og statens eigedom, sa ei tydeleg irritert Koch Christensen, som tok turen ut på trappa for å snakke med studentane.

Ho sa seg samd med studentane i at bustadsituasjonen i Bergen ikkje er god nok, men hadde ingen sympati for måten studentane aksjonerte på.

Lovar meir bråk Studentane lova på si side at aksjonen ikkje er over med dette.

— Okkupasjon har vist seg som ei veldig god aksjonsform. Vi har mange verkemiddel, og har ikkje gitt oss, seier filosofistudent Espen Edvardsen, ein av medlemmane i støttegruppa til bustadaksjonen. Les også: Okkupantene kastet ut onsdag morgen

BÆRES UT: Ein etter ein vart studentane bore ut frå det okkuperte huset. - Boligaksjonen er ikkje over med dette, sa ein av dei til BTs nettutgave. (FOTO: RUNE NIELSEN)