I februar neste år blir Norsk Språkråd, landets øvste språkmakt, lagt dødt. Eit nytt Kompetansesenter for norsk språk skal erstatte det gamle Språkrådet, som har hatt hovudsete i Oslo. No er spørsmålet: Kvar skal det nye språksenteret lokaliserast?

– I Bergen, meiner Per J. Jordal, sentralstyremedlem og fylkestingskandidat for Senterpartiet. Nettopp Senterpartiet opna årets valkamp med å ta til orde for utflytting av 5000 statlege arbeidsplassar frå Oslo. Såleis er det nye språksenteret berre ei pølse i slaktetida, med kring ti arbeidsplassar i første omgang.

— Men denne saka gjeld ikkje utflytting, derimot etablering av ein ny institusjon. Det i seg sjølv er eit poeng for ikkje å leggje språksenteret til Oslo, understrekar Jordal. Hovudstaden har dessutan diskvalifisert seg som arena for norsk språkpolitikk det siste året, meiner Sp-politikaren.

— I vår søkte Universitetet i Oslo om dispensasjon frå mållova, og denne veka ville byrådsleiaren løyse Oslo-elevane sine norskproblem gjennom valfritt sidemål. Når det står så dårleg til i hovudstaden, er det berre rett og rimeleg at det nasjonale ansvaret for språkpolitikken vert lagt utanfor Oslo. No vil Hordaland Senterparti at det nasjonale senteret skal etablerast i Vestlandets hovudstad.

— I Bergen er både nynorsk og bokmål sterkt representert i forskingsmiljøet og byen elles. Språkleg mangfald vert oppfatta som ein ressurs, ikkje eit problem.

Jordal får støtte av leiaren i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

— Mykje talar for Bergen. Men det viktigaste er at senteret blir lagt utanfor Oslo, seier Brunstad til BT.

Helge Sandøy, professor i Bergen og medlem av det eksisterande språkrådet, er også oppteken av at det nye, nasjonale organet ikkje bør liggje i Oslo.

— Den viktigaste grunnen er at plassering betyr noko for korleis dei tilsette tenkjer. Haldningane i hovudstaden er ikkje som elles i landet. Blir senteret lagt dit, kjem Oslo-resonnementa og Aftenposten-tankane til å dominere, meiner Sandøy. Men kva med Sylfest Lomheim, den nyutnemnde direktøren for Kompetansesenter for norsk språk? Kva meiner han?

— Som direktør skal eg sjølvsagt ikkje ha noko meining om plassering. Eg jobbar like godt anten det er i Oslo, Bergen, Sogn eller Kristiansand, ler sogningen.