Slik har olje— og energiminister Olav Akselsen ordlagt seg overfor bladet Grenda i Rosendal etter ei gjesting der nyleg. I sommar avviste Akselsen eit nytt kraftverk i Hattebergvassdraget.

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet i Kvinnherad kommunestyre og styremedlem i Kvinnherad Energi, Sveinung Sandvik, seier at ei opprusting som skissert er gledeleg.

Han tenkjer seg ei ny og større røyrgate i dagens trasé og ny generator, men utan reguleringar og påverknad på vassføringa i Ringeriksfossen og Hattebergsfossen.