Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har fått saluttsaka i retur frå Statsadvokaten i Rogaland med beskjed om å etterforska dødsulukka langt breiare. Willy Brask (51) døydde momentant då fjerde saluttsalva gjekk av ute på Leirvik hamn tidleg på årets nasjonaldag.

Politijurist Synnøve Haugstvedt Lande ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt vil ikkje uttala seg om kva etterforskinga så langt har avdekt eller kva tilleggsetterforsking statsadvokaten ber om.

Ingen detaljar

Haugstvedt Lande vil heller ikkje røpa detaljar frå rapporten som Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har laga om Stord-ulukka. Men ho stadfestar at direktoratet kan bli beden om assistanse på ny.

Den omkomne hadde fleire års erfaring som 17. mai-saluttør på Stord. Han hadde óg lang erfaring med sprengstoff gjennom offisersteneste i Forsvaret, men mangla sprengingssertifikat klasse A som krevst av skytebasar i entreprenørbransjen.

Salutteringa på Stord 17. mai har skjedd gjennom mange tiår ved at dynamittgubbar har blitt lagt på sjøen på flyteelement og fyrt av etter tur. Truleg grunna kjølvatnstraum har ei av salvene i år gått av heilt innunder båten som den saluttansvarlege var i.

Stord kommune har betalt utgifter til salutten. Men det er uklart om det har vore eit offentleg eller privat ansvar for oppbevaringa av dynamitten og sprenginga. Det er blant anna slike spørsmål statsadvokaten ønskjer avklart.

Nye reglar neste år

Ifølgje overingeniør Olav Jacobsen i DSB arbeider direktoratet med å kartleggja korleis 17. mai-salutteringa blir avvikla landet rundt.

Målet er å koma fram til eit felles regelverk innan neste nasjonaldagsfeiring.

-Vi har kjent til at det er nytta dynamitt til saluttering, men vi har ikkje hatt oversyn over omfanget, seier Jacobsen.

Ordførar Magne Rommetveit har uttalt at 17. mai-salutt med dynamitt neppe blir aktuelt att på Stord.

FESTSALUTT BLEI TRAGEDIE: Salutteringa på sjøen på Stord 17. mai i år tok menneskeliv. ARKIVFOTO: HANS-JACOB MELAND, SUNNHORDLAND
SUNNHORDLAND AVIS