Som Bergens Tidende skreiv i går, har politiet lagt vekk saka fordi dei meiner bevisa ikkje er tilstrekkelege. No vil foreldra ha denne avgjerda omgjort.

Samstundes er det klart at Norsk Lærarlag, der den aktuelle styraren er medlem, støttar måten Aurland kommune har takla konflikten på. Styraren ønskjer ikkje å kommentere saka overfor BT.

Ikkje avhøyrt

— Eg kjem til å anke politiets avgjerd om å legge vekk saka, seier Kjetil Raaen til Bergens Tidende.

— Dette fordi eg sit med ei kjensle av at politiet ikkje har gjort nok etterforsking i saka. Vi foreldra ønskjer blant anna å få sjå politidokumenta.

Det er Raaen som er far til guten som skal ha fortalt at styraren slo han over handa med ein pinne. Det andre barnet skal ha blitt slått over ryggen eller baken. Ingen barn, korkje desse to eller nokon av dei andre som var til stades då dette skal ha skjedd, er avhøyrt i samband med politietterforskinga.

Ein annan barnehagetilsett som var i nærleiken under styrarens raseriutbrot, melde skriftleg frå om den eine episoden. Vedkommande skal ikkje konkret ha sett at styraren har slått barna.

Vi ha kronerulling

Foreldra til dei to barna fekk i går mange reaksjonar etter gårsdagens oppslag, og Raaen opplyser blant anna at ei gruppe blant foreldra no vil starte kronerulling for å skaffe advokatbistand. Hjå Sogn og Fjordane lærarlag har kommunen støtte i måten dei har handsama konflikten på.

Barnehagestyraren er organisert i Lærarlaget, som meiner det ikkje har vore grunnlag for å vurdere å ta medlemmet sitt ut av stillinga for kortare eller lengre tid.

— Slik vi opplever det, har kommunen handtert denne saka på ein skikkeleg måte, seier leiar Åslaug Krogsæter i Sogn og Fjordane lærarlag.

Støtte frå lærarlaget

Ho fortel at fagforeininga har hatt tett kontakt med Aurland kommune i saka. Krogsæter meiner saka er komplisert, og minner om at det er fleire partar inne i biletet.

— Vi oppfattar ikkje at barna lir noko overlast, seier ho til Bergens Tidende.

På den andre sida står to foreldrepar som hevdar at barna deira berre motvillig reiser til barnehagen, og at dei har vist tydelege åtferdsendringar etter det som skjedde. Foreldra er klare på at kommunen burde ha tatt styraren ut av stillinga. Dette har imidlertid ikkje vore tema korkje for arbeidsgjevaren, Aurland kommune, eller lærarlaget.

— Vi har faktisk hatt saker der medlemmer hjå oss har blitt tatt ut av teneste. Norsk Lærarlag har ingen tradisjon for å forsvare ting som ikkje bør forsvarast, sjølv om vi skal ivareta medlemmene sine rettar, seier Krogsæter.