Eit tverrfagleg forskingssenter med ei permanent utstilling av brev, notat og dagbøker frå notoriske kverulantar. Slik ser kreative sjeler for seg eit nasjonalt senter for bygdestrid i Kvam.

— Ideen er faktisk så god at vi kunne gjere noko ut av det! Kvam er ikkje aleine om bygdestrider. Fleire andre kommunar slit med det same, seier næringssjef Jan Tjosås.

— Dessutan ligg det mykje energi i slike konfliktar. Dette er ikkje berre negativt.

SJÅ TIL STRANDEBARM. I den ytre delen av heradet krangla dei om skulestrukturen i årevis. No er fire små skular i Strandebarm blitt til ein stor. Denne månaden opna ein flunkande ny skule med flott idrettsanlegg til hundre millionar kroner på Tangeråsneset.

— Fleire tiår med skulekrangel vart snudd til suksess, seier ordførar Astrid Farestveit Selsvold.

— Kvifor klarte Strandebarm det Øystese og Norheimsund ikkje klarar?

— Det har med modning å gjere. I Strandebarm har dei krangla om skule mykje lenger. Folk tok til å innsjå at fellesskule var ei god løysing. I dag er skulen blitt eit løft for heile Strandebarm.

REKORDSTOR BOLTREPLASS. Skulle Kvam få tilslag på ideen om nasjonalt kranglesenter, skortar det ikkje på ledige lokale.

Nye Kvam ungdomsskule står halvtom. Eigentleg skulle alle dei 308 ungdomsskuleelevane i Ålvik, Øystese og Norheimsund samlast her i haust, og heradet brukt åtti millionar kroner på å modernisere og utvide skulen. Men heradsstyret snudde like før den raude teglsteinsbygningen var ferdig.

— Me har god plass! Dansegolv og alt.

Rektor Frode Sandven slår ut med armane. Han står på personalrommet, som vart bygd for kring 45 lærarar. Kollegiet i dag er halvparten så stort. Også dei 145 elevane har truleg noregsrekord i boltreplass i bygningen på 5500 kvadratmeter.

— Det går ikkje på denne måten over tid. Vi må stenge delar av bygningen, eller få inn fleire brukarar, seier rektor.

— Eit bygdestridsenter, til dømes?

— Det kunne vore artig, men er ikkje særleg realistisk, er svaret.

Næringssjefen tykkjer ikkje at eit eventuelt senter passar inn i bygningen.

— Det er knytt altfor mange kjensler til denne skulen i dag, seier Tjosås.

VILLE SPRENGJE BYGGET . - Det grunnleggjande problemet er at vi har altfor mykje areal uansett, seier rådmann Harald Inge Anderssen.

Endå meir skal det bli, for elevtalet fell raskt i Kvam. Rådmannen har fått fleire utradisjonelle framlegg om korleis tomme kvadratmeter kan nyttast. Blant anna føreslo ein kar å sprengje det nye tilbygget, for å eliminere trugsmålet om elevrøving frå Norheimsund til Øystese.

Men det kostar flesk å drifte fire ungdomsskular. Berre å oppgradere skulane i Norheimsund vil koste mellom 80 og 120 millionar kroner. Utgiftene kjem på toppen av fleire hundre millionar som alt er brukt på skule dei siste åra.

Før jul må politikarane vedta korleis dei skal finansiere ungdomsskular i fire bygder. Rådmannen har stilt opp ulike alternativ for å finne pengane:

  • Omdisponering av midlar
  • Sal av bygg og tomter, mellom anna skulebygg og barnehagar
  • Kutt i drift
  • Eigedomsskatt på alle eigedomar, inkludert hytter på Kvamskogen.Rådmannen underslår ikkje at det er råd å spare tjue millionar kroner i løns- og driftsmidlar i året, men tilrår det ikkje.

— Då er kulturarbeidet, idrettsarbeidet, folkehelseinnsatsen, kulturskulen, utekontakten og ferieklubben borte. Likeins bibliotekfilialane i Ålvik, Øystese og Strandebarm.

For å nemne noko.

RÅ MAKT . 11. november står slaget på nytt i Kvam heradsstyre. Då skal dei 27 medlemmene ta stilling til framlegget til rådmannen. KrF-representanten Harald Kjosås trur freden kjem den 11.11.

— Eg trur faktisk det. Tapar eg, skal eg respektere det. Tapar andre, må dei respektere det.

Også ordførar Astrid Farestveit Selsvold håpar på eit punktum i november.

— Det bli eit endeleg vedtak. Prosessen framover blir særdeles tøff og vanskeleg, men eg har håp om breitt fleirtal. Eg håpar at historia vil vise kor storslegen satsing Kvam hadde på skule.

Rådmannen har lita tru på ei samlande politisk løysing.

— Rå makt kjem til å råde. Då blir det sorg- og forsoningsarbeid i mange år framover, seier Anderssen, som er uroleg over konsekvensane skulestriden får for lokalpolitikken.

— Det politiske livet i Kvam er i ferd med å gå i oppløysing. Partia er i ferd med å sprekke. Vi står i fare for å miste ei viktig kontaktflate på nasjonalt nivå, og det er alvorleg for ein kommune på grensa til stagnasjon, seier han.

— Skulestriden har utan tvil stimulert den lokalpolitiske interessa. Men føresetnaden er at politikarane også klarar å engasjere seg i nye saker.

JAMSTOLTE, JAMSTORE. Frå eksilet på Uggdalseidet kjem hotelleigar Tron Bach med råd om brubygging mellom Øystese og Norheimsund.

— Folk må i langt større grad enn i dag vere audmjuke og romslege, og gjere som eg har gjort i tretti år - venje seg til å svelgje kamelar. Dei må lære seg å respektere kvarandre, akseptere politiske vedtak og få tilbake gleda og trua på at kommunen kan vere ei samlande eining.

Også kultursosiolog Erik Fossåskaret, opphavleg frå Ålvik, meiner at folk er for lite rause i dei to bygdene.

— Øystese og Norheimsund er for jamstore og jamstolte. Dei må finne felles gleder. Når eit ekteskap går i oppløysing, er det viktig å ha eit forhold. Kjeklar ein om kven som skal ha blomepottene, blir det vanskeleg å samarbeide som foreldre. Dei må finne møteplassar, arenaer, der det ikkje treng å vere kiv om goda.

Tron Bach føreslår eit gigantisk maskeradeball på Nes, midt mellom Øystese og Norheimsund.

— Ingen ville vite kva fløy dei andre tilhøyrde. Så kunne folk ha det innmari moro, og leggje ned grunnsteinen for bygdestridsenteret.

Hva synes du om bygdestriden? Si din mening i kommentarfeltet!

Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz
Ørjan Deisz