– Det må også i framtida vera råd å leva av fiske frå eigen sjark. Dei forsyner marknaden med den ferskaste fisken, dei opprettheld livskvaliteten og kystkulturen i Distrikts-Noreg, seier Skåtøy. Han etterlyser meir fiskerilære i både grunnskule og vidaregåande skule.

– Vi er inne i ein periode der mange av fiskarane er rundt 60 år og snart vil gå over i pensjon. Vi må rekruttera meir ungdom for å erstatta tapet. Det er altfor lite skuleplassar der fiske og primærnæringane er på timeplanen. Det bør med alt i 3. eller 4.klasse, meiner han.

– Ikkje berre svart

– Men eg ser ikkje berre svart på tilstanden. I min gamle heimkommune Os er det etablert eit miljø av unge fiskarar som gjer det godt, seier Erling Skåtøy, som snart pensjonerer seg etter å ha drive både kyst-, trål— og ringnotfiske.

– Det er eit suverent liv å vera fiskar, slår 66-åringen fast.

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen (Ap) meiner det er naturleg at talet på fiskarar har gått ned slik næringa har utvikla seg..

– Nedgangen skuldast at meir effektiv drift krev færre både fiskarar og fartøy. Fiskerinæringa må som andre næringar heile tida moderniserast. Regjeringa fører ein politikk der strukturar og kvotegrunnlag i flåten skal sikra ei tilfredsstillande inntekt for fiskaren, samstundes som vi vil sikra aktivitet og busetjing langs kysten, seier Pedersen til Adresseavisen.

Ulukkesutsett

Fiske er eit ulukkesutsett yrke over gjennomsnittet. Ei Sintef-undersøking viser at det er dobbelt så høg risiko for å bli ramma av ulukke som fiskar enn som offshorearbeidar, og nær fire gonger høgare risiko enn i bondeyrket.

Det har sidan siste verdskrig vore ein sterkt fallande kurve i talet på både fiskarar og fiskefartøy. I 2008 var det totalt att berre 6798 norskregistrerte fiskefartøy, 35.000 færre enn i 1960, ifølgje Fiskeridirektoratet. Aller størst bortfall har det vore av små, opne fiskebåtar.

Fangstmengd og lønsemd har derimot halde seg nokså konstant dei siste 30 åra. Fangsten har variert mellom to og tre millionar tonn i perioden, viser statistikken. Lønsemda har betra seg jamnt positivt sidan 1993, med unntak av åra 1999 og 2003.

Gjennomsnittleg resultat før skatt for ein fiskebåt under 27,5 meter auka frå 108.860 kroner i 1998 til 132.306 kroner i 2007. Tilsvarande vekst var frå 2,5 til 4 millionar kroner for havgåande fartøy over 27,5 meter.