— Bjørnatrynet er eit fullt ut realistisk landingspunkt for ei bru, seier Os-ordførar Terje Søviknes (Frp).

Tysdag fekk han kommunestyrefleirtalet med seg på ein uttale der sentralmakta blir beden om å arbeida vidare med begge føreliggjande alternativ for ein ferjefri E39 i Midthordland - indre trasé om Fusa og midtre trasé over Bjørnafjorden. Men Os kommunestyre godtek under ingen omstende ei Bjørnafjordbru som landar i Røtinga og Søre Øyane, osingane peikar på Bjørnatrynet, og tunnel derifrå og inn til Moberg.

Å endra retning på Vegvesenets i alt fem kilometer lange flytebru frå Reksteren til Røtinga i Søre Øyane og i staden landa ho i Bjørnatrynet, vil ifølgje vegetaten gi ei bru på 6,6 km. Det pressar kostnaden opp med 1–2 millionar kroner meteren, og gir dessutan forsterka konflikt med interessene til Forsvaret, som har Bjørnafjorden som øvingsfelt og som har bede om at ei eventuell bru må leggjast så langt vest som råd er.

— Ikkje eintydig negativt

Dette uroar ikkje Terje Søviknes.

— Det blir klart ei noko lengre bru, rundt 800 meter er eg fortalt, men det er ikkje eintydig negativt for kostnaden eller gjennomføringsevna. For dette vil samstundes spara nokre øyar og landskap. Når det gjeld Forsvaret, har vi ein situasjon der to interesser står imot einannan. Det er likevel ikkje sikkert at sjølve brulekamen må leggjast lengre aust for at landinga skal skje ved Halhjem eller Bjørnatrynet. Det skal bli interessant å sjå kalkylar på dette, seier ordførar Søviknes.

OORDFØRER: Terje Søviknes
BT-arkiv

I avrøystinga etter ein lang debatt i kommunestyret fekk fleirtalsgrupperinga i Frp og Høgre støtte av to frå Arbeidarpartiet, blant anna av Olav Søfteland som vararepresentant. Den gamle vegdirektøren talte varmt for kortaste trasé over Bjørnafjorden, og fann flytebru i kombinasjon med ein senketunnel ved Bjørnatrynet interessant.

Forstår kritikken

«Os kommune er uroa over dei mange usikre momenta i rapportane frå Statens vegvesen i høve endeleg traséval og ilandføringspunkt i Os kommune for begge konsepta, K5B for indre trasé og 4C midtre trasé», heiter det i uttalen frå Os kommunestyre.

Vegvesenets prosjektleiar for utgreiinga av ferjefri E39 mellom Stord og Bergen, Signe Eikenes, har forståing for den kritikken.

— Eg forstår at Os føler dei ikkje har fått nok informasjon. Men på dette stadiet er det ikkje snakk om ei konsekvensutgreiing, men om ei konseptvalutgreiing der vi må ta stilling på veldig overordna nivå. Seinare arbeid på lågare nivå kan få fram alternative løysingar som tilfredsstiller osingane sine behov, til dømes når det gjeld ilandføring av bru, seier Signe Eikenes.

Intenst i partigruppene

Ifølgje ordførar Terje Søviknes blei det arbeidd intenst med E39-saka i partigruppene i Os fram mot kommunestyremøtet tysdag. Han frykta at omsynet til Søre Øyane ville få eit fleirtal til å prioritera indre trasé om Fusa.

— Eg frykta at eit vedtak til støtte for indre trasé åleine ville setja oss på sidelina, og i realiteten ville vera nei til ein framtidig ferjefri E39 gjennom Os. Grunnen er at stadig fleire har teke til orde for at ein indre trasé må kryssa vidare gjennom Samnanger til Arna, og med tverrslag til Bergen via Fjøsanger. Det vil etterlata Os i ei bakevje, som eit endepunkt utan den drivkrafta for vidare utvikling som ei hovudåre er. Gode kommunikasjonar er heilt avgjerande for å trekkja til seg store verksemder. Her er på mange måtar det overordna spørsmålet kva ein ønskjer seg av utvikling i Os dei neste tiåra, seier Terje Søviknes.

Diskuter saka under:

Reksteren Os bro Kart E39 ny.jpg