— Det er heilt uaktuelt å ha legevaktdistrikt med opptil 15 kommunar. Det vil rasera tilbodet til folk og undergrava legevaktordninga si rolle, seier nestformann i Frp, John I. Alvheim. Han er kjapt ute med å avvisa framlegget, som han meiner set legane sitt ve og vel i fokus, ikkje pasientane, som må reisa milevis for å koma til legen.

Kummerlege tilhøve

— Politikarane var svært skeptiske då vi arbeidde fram legevaktsentralen i Knarvik også, mest fordi framlegget kom frå legehald. I dag er alle nøgde, ikkje minst pasientane, seier Ola Jøsendal til Bergens Tidende.

Han var prosjektleiar før legevaktsentralen for Nordhordland vart sett i drift ved tusenårsskiftet, og legevaktsjef dei fire første åra.

Jøsendal fortel om stor skepsis den første tida, men etter kort tid vart alle dei sju kommunane og 25 legar med. Frå Knarvik når ein 80 prosent av alle i distriktet på mindre enn 15 minutt. Velutstyrt ambulanse og førstehjelpar hentar inn pasientar som ikkje kan koma sjølve. Berre unntaksvis, til dømes ved hjartestans, må legen rykka ut.

— Det er noko heilt anna å handsama ein pasient på eit velutstyrt legekontor enn under kummerlege tilhøve i heimen. I grisgrendte strok finst det legar som knapt kan gjera greie for seg, seier Jøsendal.

- Best for begge partar

— Men opptil 15 kommunar indikerer vel langt meir enn 15 minutts responstid?

— Det blir heilt feil å talfesta kommunane. Enkelte stader på Austlandet kan det vera fornuftig med 25 kommunar for alt eg veit. I Finnmark kan det verta for lange avstandar med ein halv kommune. Poenget er å finna tenlege løysingar, først og fremst for publikum, men også for legane. Det er ikkje i pasientane si interesse at fastlegen stiller trøytt og uopplagt på kontoret etter ei vakthelg.

— Har Stortinget nokon innverknad?

— Nei, styresmaktene har klokleg unnlate å laga reglar for dette, seier Jøsendal.

Anne Grete Robøle hjå Fylkesmannen i Hordaland opplyser at det er kommunane sjølv som må syta for legevaktordningar. Fleire kommunar kan gå saman i felles ordning. Fylkesmannen fører tilsyn med at ordninga er fagleg forsvarleg.