Stortinget har tidlegare sagt at 400 årlege fødslar er ei nedre grense for å halde oppe fullt operative fødeavdelingar ved sjukehusa i dei nye helseføretaka. Dermed brenn eit blått lys for fødeavdelinagen ved dei 14 norske sjukehusa som kjem under denne grensa.

I Nordfjord gjekk folk mann av huse sist veke for å demonstrere til støtte for å bevare fødeavdelinga ved lokalsjukehuset.

Slagkraftig

Stryne-ordførar Nils Støyva er leiar for Nordfjordrådet, samarbeidsorganet for kommunane i Nordfjord, og må sjå at lokalsjukehuset kjem langt under grensa med sine 298 fødslar i 2002. Lærdal sjukehus er endå dårlegare stilt med sine 233 fødslar i fjor.

Saka blir no prøvd løfta ut av hendene på dei lokale helseføretaka og opp på eit rikspolitisk nivå. Då trengst det musklar frå alle dei berørte lokalsamfunna over heile landet, meiner leiaren i Nordfjordrådet, og har tankar om å samle krefter frå heile landet til kampen for fødeavdelingane.

Dei massive mønstringane rundt lokalsjukehusa i førre veke gjorde inntrykk. Før helga utsette eksempelvis Helse Førde sitt vedtak om å ta fødeavdelingane først ved Lærdal og deretter Nordfjord sjukehus og gjere dei om til fødestover. Styret bad i staden om å få avklart om det er rom for lokale tilpasningar på den nedre grensa for fødselstal, og om det slik kan bli rom for å berge fødeavdelingar i tynt befolka område med store reiseavstandar.

— Vi forventar no at helseministeren kan avklare dette spørsmålet, seier Støyva. - Eg har enno ikkje tatt noko konkret initiativ for å samle alle dei 14 truga fødeavdelingane, men vurderer å gjere dette dersom det blir behov. Det blir i så fall ein stor og slagkraftig allianse.

Helseføretaka ansvarlege

Ifølgje tal Sunnmørsposten har henta inn soknar 8,5 prosent av landets befolkning til dei 14 nedleggingstruga fødeavdelingane rundt om i landet, og det vart i 2001 fødd 3672 barn der.

Statistikk frå Norsk pasientregister syner at det oppstod større eller mindre komplikasjonar ved 487 av desse fødslane. Ved 62 av fødslane måtte legane operere i samband med fødeselen. Fødestover, slik dei minste fødeavdelingane etter planen skal omgjerast til, har ikkje ekspertise og operasjonsavdeling tilgjengeleg.

Likevel baserer politikarane seg på undersøkingar som seier at fødestover er ei medisinsk akseptabel løysing.

— Helesføretaka er jo ansvarlege for at det blir medisinsk forsvarleg, seier fylkeslege Petter Øgar i Sogn og Fjordane, som i fjor gav Helse Førde knallhard kritikk då dei prøvde å kutte i ambulansetenesta. Fylkeslegen meinte då at opplegget var medisinsk uforsvarleg. Han trur ikkje det same vil skje dersom fødeavdelingane blir endra.

— Vi vil ikkje vurdere eventuelle omleggingar av fødeavdelingane utan at vi får det inn som konkret klage, seier Øgar, som også antydar at det kan bli vanskleg å spare dei store pengane på å nedlegge fødeavdelingar.

— Vi vil nok sjå at mange risikofødande må reise inn til sjukehus med fødeavdeling fleire dagar og kanskje veker før fødselen, seier fylkeslegen.