Ordførar Knut Moe (Samlingslista) ønskjer at kommunen skal få meir att for den billege krafta Hordaland fylkeskommune får. Ordninga med konsesjonskraft gir kommunane som har kraftproduksjon ti prosent av den krafta dei produserer som kompensasjon for naturinngrep.

Det dei ikkje brukar av dette, går til fylkeskommunen som kan selja krafta til marknadspris. Store deler av pengane fylkeskommunen har tent på sal av denne krafta, har vorte sett av til mellom anna bygging av Hardangerbrua.

Asfalt for 5600 pr. modøling

— Me har rett på 85 gigawattimar (gwh). No tek me ut ti, seier Knut Moe.

Han seier han er bekymra over den store overføringa av både folk og kapital.

— Kommunane i indre Hordaland som overfører mykje kraft, burde få disponera ein større del av verdiskapinga i form av at det kom pengar attende til distrikta.

Modalen er ein av dei rikaste kommunane i Noreg, og Moe seier at han ikkje meiner at Modalen åleine skulle få pengar.

— Me ser at pengane frå denne krafta vert brukt til andre store, gode vegprosjekt, mellom anna Hardangerbrua, Trekantsambandet og Jondalstunnelen. Men Nordhordland, og særleg Modalen og Masfjorden, har fått for lite att. I år brukar Modalen to millionar av eigne midlar til å asfaltera veg, det vil seia at me brukar 5600 kroner for kvar innbyggjar, seier Moe.

- Kamp for distrikta

I Hardanger har Hardangerrådet sett ned ei arbeidsgruppe som òg har ein representant frå Nordhordland. Gruppa skal jobba for at pengar frå konsesjonskrafta skal gå attende til distrikta der krafta vert produsert. Ordførar Knut Moe seier han ønskjer ein felles front saman med Hardangerrådet, og meiner Hordaland fylkeskommune må sjå mot nabofylket i sør. Der vert pengane lagra i regionale næringsfond.

— Me ser ikkje berre på kva som kjem Modalen til gode. Kommunen er avhengig av nabobygdene, og dagleg pendlar folk til og frå Masfjorden, Lindås, Eksingedalen, Eidslandet og Stamnes. Modalen har brukt 40 millionar kroner på veg, seier ordføraren.

— Det er ein kamp for distrikta. Me ønskjer ein større del av verdiskapinga.

Lillebø, Jan M.