Kystverket meiner eksplosjonsulukka i Gulen viser at ansvarsfordelinga mellom dei ulike etatane må bli klarare.

— Vi meiner det er nødvendig å setje klarare grenser for kor tid ansvaret for ei forureining er hos oss i Kystverket, og når det ligg hos Statens Forurensningstilsyn (SFT), seier kystdirektør Kirsti L. Slotsvik.

I dag er ansvaret for hendingar der det er fare for utslepp og forureining av miljø­et delt mellom dei to etatane. Kystverket har ansvar for situasjonar med akutt forureining, eller hendingar som medfører akutt fare for det.

Også i Østerdalen

— Skjer det at ein trailer med farleg avfall veltar på ein riksveg, så er det i utgangspunktet Kystverkets ansvar, seier Slotsvik.

— Same kvar det skjer?

— Ja. Sjølv om hendinga går føre seg i Østerdalen, så er det vårt bord.

Kystverket meiner erfaringa frå eksplosjonsulukka i Slø­våg viser at forståinga i samfunnet for rollene og ansvarsfordelinga mellom dei ulike etatane er for dårleg. Og det er ikkje berre folk flest som er i villreie når så alvorlege ting skjer. Ifølgje Kystverket var både lokale, regionale og sentrale styremakter usikre på kven som skulle bestemme etter at tankanlegget i Sløvåg gjekk i lufta med ein smell. Og det er heller ikkje første gongen Kystverket opplever dette.

— Nei, vi sit vel tilbake med tilsvarande erfaringar får arbeidet med ubåten ved Fedje. Det går mykje på å avklare kor akutt faren for forureining skal vere for at vi i Kystverket skal handle på eiga hand.

Gå i føtene

— Er det så rart at folk ikkje oppfattar skiljelinjene her. Dei fleste vil vel tenkje på SFT eller miljøvernavdelinga til fylkesmannen når det skjer ulukker eller brotsverk som fører til skade på miljøet?

— Eg ville i alle fall trudd at kystkommunar med erfaring frå oljesøl hadde visst at ansvaret er plassert hos Kystverket. Men erfaringane våre i dei to sakene frå Vestlandet kan tyde på det ikkje er heilt klart, og gjer at vi no vil ha ein grenseoppgang, seier Slotsvik.

Kystdirektøren avviser at vanskane med å avklare rollene til dei ulike etatane etter eksplosjonsulukka ved tankanlegget i Gulen, gjekk utover oppfølgingsarbeidet. Ho meiner ikkje den usikre rolledeling resulterte i tabbar eller at saka blei handtert feil.

— Det vi opplever, er at det går seg til etter kvart. Når vi går i føtene på kvarandre, går vi likevel i takt, seier ho.

Møtte SFT

I arbeidet med rapporten som skal summer opp erfaringane med Vest Tank-eksplosjonen, har Kystverket gjort det klart at dei vil følgje opp uvissa rundt ansvarsdelinga. Det er Fiskeri- og kystdepartementet som har ansvaret for rapporten.

Kystverket og SFT hadde denne veka eit første møte dei diskuterte både korleis rollene kan definerast klarare, og korleis dette kan gjerast betre kjent overfor brukarane. I Kystverket er dei usikre på om det trengst betre lovverk eller nye reglar.

— Det viktigaste er kanskje at vi og SFT snakkar saman, og kjem fram til ei forståing oss mellom, seier kystdirektøren

URÅD. Då tankanlegget i Sløvåg gjekk i lufta med eit smel,var det ikkje berre naboane som vart forvirra. Også lokale og sentale myndigheiter var usikre på kven som hadde ansvaret for oppfølgingsarbeidet.
Bergens Tidende