Marineoffiseren er tilsett som kapteinløytnant i Sjøforsvaret. Han vart permittert frå stillinga si kort tid før drapet, på grunn av fem disiplinærsaker som var under etterforsking internt i Forsvaret. Han har hatt full lønn frå Forsvaret etter at han vart tatt og sikta for overlagt drap.

Forsvaret vil ha han ut

Når rettssaka mot Ramsland tek til i morgon, vil statsadvokat Randi Gabrielsen be om at han, i tillegg til å bli dømt for overlagt drap, også må dømmast for brot på § 79 i den militære straffelova. Ramsland blir skulda for «som befalingsmann ved sitt forhold i eller utenfor tjenesten, å ha gjort seg uverdig for den for hans stilling fornødne tillit eller aktelse».

— Eg har vorte kontakta av Forsvarsdepartementet, der dei ber om at tiltalte blir frådømt stillinga si, seier Gabrielsen.

Hevdar han har sluttpakke

Sjølv meiner Ramsland at han allereie har ein gyldig sluttavtale med Forsvaret, inngått før drapet.

— Min klient hevdar at han har inngått ein avtale om at tilsetjingsforholdet skal ta slutt frå 1. januar 2005, mot utbetaling av eit større sluttvederlag frå Forsvaret, seier forsvarar Harald Stabell.

Det er sett av i alt ti dagar til rettssaka i Bergen tingrett. Det meldt inn 65 vitne totalt. Seks sakkunnige skal uttale seg.