Han meiner det det er heilt nødvendig med slike strakstiltak for å unngå kollaps i trafikken.

Han seier til Kystradioen at kostnaden kan finansierast med eit spleiselag mellom kommunane og næringslivet eller at ein nyttar bompengar. Han innser at det er kontroversielt å nytta bompengar til drift av kollektivtransport, men meiner det liekvel er tvingande nødvendig i ein overgangsfase til det nye sambandet er på plass.

Han vil også at det kjem på plass ein mindre utrykningsbil som kan ta hand om trafikkuhell der bilar sperrar trafikken og skapar trafikkaos.

— Ein slik bil må gjerne vera fast lokalisert i området og organiserast i eit samarbeid mellom politi, redningsselskap og brannvesen, seier Sangolt til Kystradioen..