GISLE ØSTERBØ SKUGGEDAL

Jarle Bøyum, som er leiar i Leikanger Venstre, seier til Sogn Avis at det må kome ei mobilisering mot det store luftspennet.

– Det er heilt innlysande at regionen må stå på for dette kravet. Vi kan ikkje med opne auge tillate høgspentmaster av slike dimensjonar å dominere landskapet vårt for tiår, seier han.

Venstre i Balestrand og Leikanger vil no følgja opp eit kravet om å få lina lagt i sjøkabel.

Også i Eid er det protestar. SV, Venstre og KrF gjekk mot luftspenn då saka var framme i kommunestyret.

– Det er dei som treng krafta som bør ta kostnadene, ikkje kommunar som skal måtte godta store, evigvarande naturinngrep, seier SV-politikar Jorunn Sandvik til Fjordabladet.

Det er Statnett som skal byggje lina som skal gå frå Fardal i Sogndal gjennom store delar av Sogn og Fjordane og vidare til Sunnmøre. Statkraft vil ha lina i lufta fordi det blir billegast.