Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier til Bergens Tidende at dei rett over nyttår skal ha eit møte med fylkeskommunen og Norges vassdrags— og energidirektorat om ein slik Samla Plan for Sogn og Fjordane.

— Årsaka er at det no ligg inne svært mange søknader om løyve til å byggje mindre kraftverk. Etter vårt syn er det for lite overordna struktur og planlegging bak tildelinga av konsesjonar, seier Yndesdal.

— Men er ikkje dette små utbyggingar som ikkje har dei store konsekvensane?

— Sjølv om ei utbygging er lita, kan det vere store ulemper knytt til ho.

60 saker

Ei oppteljing miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen gjorde i haust, viste at det i 2004 og første halvår 2005 kom inn heile 60 søknader om mikrokraftverk, minikraftverk og småkraftverk. Flest søknader gjeld småkraftverk. I meir enn kvar tredje søknad blei det søkt dispensasjon frå den nasjonalt vedtekne Samla Plan.

— Vi har ein situasjon der vi har fått inn svært mange søknader. I tillegg høyrer og les vi stadig om nye utbyggingsprosjekt som er på trappene, kommenterer Yndesdal.

  • Vil ikkje ein samla fylkesplan for småkraftutbygging bli eit svært omfattande arbeid?

— Det kan det bli. Men dette er også eit spørsmål om organisering. Ein modell kan vere å dra inn kommunane. I Luster er dei no alt i gang med utgangspunkt i at kommunen for nokre år sidan registrerte utbyggingspotensialet i vassdraga.

Naturverdiar kan gå tapt

Miljøvernavdelinga fryktar store og viktige naturverdiar kan gå tapt gjennom ein serie med små kraftutbyggingar. Eit døme på dette er Fjærlandsfjorden, der selskapet Småkraft har søkt om å få byggje ikkje mindre enn fem småkraftverk.

I tillegg til å gje kommentarar til kvart enkelt kraftverk, ber Fylkesmannen i si fråsegn om at det blir utarbeidd ein samla plan for heile fjordarmen.

— Av omsyn til miljøverninteresser, andre næringar og fallrettshavar i Fjærland vil fylkesmannen oppmode om at det vert utarbeidd samla planar for området, før ein gjev konsesjon til utbygging av kraftverk og kraftliner. Ein samla plan vil gje eit betre grunnlag for å vurdere konsekvensar og konfliktar for området sett under eitt, heiter det i fråsegna.

Fylkesmannen underbyggjer kravet med å vise til at Fjærlandsfjorden er ein av svært få fjordar på Vestlandet som framleis er lite påverka av tekniske inngrep. Vestnorsk fjordlandskap er eineståande, noko som også er årsaka til at Nærøyfjorden og Geirangerfjorden hamna på verdsarvlista.

— Fjærlandsfjorden har mange av dei same kvalitetane. Det er ein del av sognefjordsystemet. Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på dette unike landskapet.

Frysast

Yndesdal viser til Soria Moria-erklæringa frå den nye regjeringa som han meiner indikerer at det skal lagast fylkesplanar for utbygging av småkraftverk.

— Svært mange søknader ligg no inne i systemet. Kva skal skje med desse i den tida arbeidet med ein slik samla plan går føre seg, Yndesdal?

— Det er eit vanskeleg spørsmål. Men vi meiner vel at ei eller anna frysordning må innførast. Elles kan jo det skje at vi får utbygging av veldig mange mindre vassdrag utan at desse blir sett inn i ein større samanheng.