- Om ein meiner alvor med ei kollektivsatsing, kan ein ikkje gå av vegen for drastiske tiltak, seier Olav Terje Hove i Vegvesenet.

Dette kjem fram i Vegvesenets bidrag til Skyss’ kollektivstrategi for Hordaland.

- Ein konsekvens vil vere større bilkøar. Dette, saman med ein meir effektiv kollektivtransport, kan skape insentiv til at folk lar bilen stå, fortel Olav Terje Hove i Statens vegvesen.

Han har vore ein nøkkelperson for Skyss gjennom den siste tida. Fylkeskommunen i regi av Skyss skal innan sommaren avgjere den framtidige kvardagen for både kollektivt reisande og bilistar i Bergen.

Elleve moglege løysingar

Høyringsutkastet til kollektivstrategien vert presentert for samferdsleutvalet neste veke.

Her vert det lagt på bordet elleve moglege løysingar for å forbetre den kollektive flyten inn og ut av sentrum. Alternativet som står først på lista inneber å leggje om eksisterande motorvegar med fire felt til tofeltsvegar med kollektivfelt.

- Dersom felta vert reine kollektivfelt og ikkje sambruksfelt, vil det vere katastrofalt for transportnæringa, fortel Jan Ove Halsøy, fylkesleiar i Hordaland for Norges Lastebileier-Forbund.

Halverer kapasiteten

Halsøy håpar Vegvesenet tar høgde for dette når dei no skal konkretisere strategien i form av handlingsplanar for trafikken i tida framover.

- Når ein vidare skal sjå på kva verktøy som skal nyttast, må det også takast omsyn til dei andre trafikantgruppene. Det er ikkje gitt at det beste tiltaket for kollektivtrafikken er det beste samla sett, fortel Olav Terje Hove.

Hove har vore prosjektleiar for delrapporten Full framkomst. Den syner heilt enkelt kva grep som må gjerast for å få bussen uhindra fram på vegnettet.

Høyringsutkastet frå Skyss stadfestar at selskapet ønskjer restriktive tiltak for biltrafikken.

Dersom ein vel løysinga med å omgjere køyrefelt til kollektivfelt, vil kapasiteten for personbiltrafikk på innfartsvegane kunne bli halvvert, syner utkastet.

Hastesak

Det politiske grunnlaget for satsinga finn ein i Nasjonal transportplans ambisjon om miljøvennleg utvikling. Her finn ein mål om nullvekst i personbiltrafikken trass vekst i folketalet og trafikken. Dette er også eit mål for Skyss når dei reknar reisetala for framtida.

- Bussar som står fast i kø, sluker dei kollektive kronene. Det hjelper ikkje å setje inn fleire bussar dersom dei vert ståande i same kø som bilane. Det hastar med å forbetre denne situasjonen, seier Gudrun Einbu, seniorrådgjevar og prosjektleiar for kollektivstrategien i Skyss.

Byrådet har programfesta behovet for strakstiltak som gjer det enklare å kome seg fram med buss, samt kollektivisering av innfartsårene. Dette er ei av fråsegnene rapporten frå Vegvesenet lener seg på.

Store mål for det kollektive

Av dei andre verkemidla som vert nemnt i rapporten frå Vegvesenet, er dei fleste prosjekt med lang tidshorisont. Mellom anna omfattar dette nybygging av kollektivfelt, omdisponering av gateareal og endring av krysstypar.

Einbu i Skyss meiner høyringsutkastet dei no skal presentere, står for ei konkretisering av ambisiøse kollektivmål, både regionalt og nasjonalt.

- Vår rolle er å vere ei stemme for kollektivtrafikken, så får Vegvesenet vurdere dei enkelte tiltaka vidare, seier Einbu.