HILDE KRISTIN STRAND

Det er Studvest som skriv om budsjettkutta ved UiB.

Neste år må studenttalet ved UiB reduserast med 400. I budsjettforslaget legg ein i følgje Studvest til grunn å fjerna 300 plassar frå årseiningsstudiet ved Det psykologiske fakultet.

Dei siste hundre plassane er tekne frå Det historisk-filosofiske fakultet.

— På psykologi er det altfor mykje stryk, så det kan ikkje skada å fjerna ein del studentar. Det seier psykologistudent Heidi Heggland til Studvest. Ho håpar forslaget vil føra til betre plass og fleire seriøse studentar.

— Det er nok "fjasestudentar" som byrjar på psykologi, seier Heggland.

Også Odd E. Havik, dekanus ved Det psykologiske fakultetet, meiner forslaget er godt. Fakultetet ønskjer å halda på årseininga i psykologi, men vil satsa meir på dei ulike bachelorgradene.

— Me ønskjer å satsa på studentar som er veldig motiverte for faget og ønskjer å ta eit samanhengande studieløp, seier dekanen til Studvest.

Ifølgje universitetsdirektøren er målsetjinga for forslaget at flest mogeleg studentar søkjer opptak til treårige program.

Budsjettforsalget skal handsamast i universitetsstyret 25.november.