TERJE ULVEDAL

— Vi kjem til å sjå på om transport av farleg gods skal skje på vegar som går utanom store folkekonsentrasjonar. I mange tilfelle vil det ikkje vere alternative ruter å køyre. Men der det finst, kan det bli aktuelt å påleggje visse typar godstransport å halde seg vekke frå dei tettast folkesette områda, seier sjefingeniør Nils Henrik Agerup i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Natt til tysdag køyrde eit vogntog med aluminiumslagg av vegen og ned i ei elv like nord for Vadheim i Sogn. Ni brann- og bergingsmannskap måtte innom sjukehus etter å ha blitt utsette for den farlege gassen som blei danna då elvevatnet blanda seg med slagget. I Vadheim måtte 24 personar evakuerast nokre timar.

I går kunne også Bergens Tidende fortelje om ein lastebil full av dynamitt som blei oppdaga på ferjesambandet Mannheller-Fodnes natt til 30. november. Lasta med 12 tonn sprengstoff var ikkje merka.

Ingen auke

I følgje DSB har ikkje mengda av farlege stoff som blir transportert på norske vegar auka særleg dei siste åra. Tidleg på 90-talet gjorde direktoratet ei undersøking som konkluderte med at det årleg blir frakta kring ti millionar tonn farleg gods på norske vegar. Kring halvparten av dette var petroleumsprodukt. I fjor vår presenterte DSB ei ny gransking. Sjølv om denne var gjort med eit noko anna utgangspunkt, meiner DSB at det også no trillar rundt ti millionar tonn på vegane kvart år.

Heller ikkje rapporterte uhell med transport av farleg gods syner auke. Bortsett frå 2001, som var eit rekordår i negativ lei med neste 100 uhell, viser statistikken at talet har lagt stabilt mellom 40 og i overkant av 60 uhell i året.- I grunnen har vi ikkje så mange ulukker av denne typen her i landet, seier Nils Henrik Agerup.

Ser til Sverige

Likevel vil altså direktoratet no sjå på tiltak for å gjere slik transport tryggare. I Sverige er det alt innført tilsvarande tiltak som no vil bli vurdert her i landet.

— Svenskane har i spesielle område restriksjonar. Men utgangspunktet der har for ein stor del vore faren for å ureine viktige grunnvasskjelder. Når vi no ser på dette vil utgangspunktet vårt vere byområde og andre store folkekonsentrasjonar, der vi vil unngå transport av visse typar farleg materiale, seier Agerup.

Sjefingeniøren i DSB opplyser til Bergens Tidende at nokre oljeselskap til ein viss grad alt brukar alternative ruter for omkøyring i byane.

Alvorleg dynamittfrakt

I DSB ser dei svært alvorleg på episoden der ein trailer kom seg om bord på ferja MF «Stryn» med 12 tonn dynamitt natt til 30. november. Køyretøyet var umerka. Ferjemannskapet oppdaga den ulovlege transporten fordi det på den elles skitne lastebilen var reine striper der merkinga skulle vore. Dette tyder på at sjåføren hadde fjerna merkinga rett før han tok ferja. Ferjemannskapet varsla politiet, men dynamittraileren blei ikkje stoppa.

Ifølgje Agerup tilseier regelverket at sjåføren skulle fått køyreforbod på staden, og lastebilen blitt parkert under tilsyn.