Kapteinen sin forsvarar, John Raknes, meiner ei bot er tilstrekkeleg straffereaksjon.

Det kom fram då straffesaka mot dei fem tidlegare «Os»-mannskapa blei avslutta i Sunnhordland tingrett på Stord fredag kveld. Dommen fell om to veker.

Ritland kravde 30 dagars fengsel på vilkår og 15.000 kroner i bot for styrmannen (28), 18 dagars fengsel på vilkår og 10.000 kroner i bot for billettøren (50) og motormannen (54), og 5000 kroner i bot for maskinsjefen (55).

— Vitne utan vekt

— Retten kan ikkje tilleggja vitneskildringar i denne saka særleg vekt. Alt såg ut til å ha forløpt normalt på denne turen, sa advokat John Raknes, forsvarar for tre av mannskapet, i sin prosedyre.

Ein ferjependlar og ein Sunde-mann på land vitna i retten om manøvrane MF «Os» gjorde på Opsangervågen ved Sunde ferjekai om morgonen 7. november i fjor. I går vitna også to ferjepassasjerar som ikkje hadde merka noko unormalt på ferja denne dagen.

— Kapteinen og styrmannen utviste grov aktløyse ved ikkje å gripa inn og stansa alkoholinntaket kvelden før. Kapteinen var til og med den som kom med spritflaska. At styrmannen sov til klokka 7.30 er eit signal om at han fråveik ansvaret han hadde, sa aktor Trygve Ritland i sin prosedyre.

Direktør Geir E. Aga i HSD Sjø sa i si vitneforklaring at vakta starta klokka 05.05, og at «ingen kan sova i arbeidstida», sjølv om rutinen på MF «Os» let berre ein av navigatørane vera på brua frå vaktstart.

— Det er ikkje straffbart i seg sjølv å sova på jobb. Det er inga lovbestemt plikt å vera vaken, sa styrmannen sin forsvarar, advokat Thor Harald Eike.

«Ulykksalig Taliban-aften»

Maskinsjefen sin forsvarar, advokat Sigmund Z. Berg omtalte mannskapets fellesmiddag om bord i MF «Os» ved kai på Leirvik 6.november i fjor som «den ulykksalige Taliban-aftenen».

Berge meinte i sin prosedyre at klienten var lokka i ei felle under politiavhøyret ved å skriva under på at han vedgjekk straffeansvar, og at han hadde drukke alkohol seinare enn åttetimarsgrensa om pliktmessig fråhald. Maskinsjefen avviser i dag på det mest bestemte at han drakk seinare enn åtte timar før teneste, han har varsla arbeidsrettssak mot HSD - som styrmannen - for å få erklært avskilen ugyldig.