KJERSTI MJØR

Kvart år føder nær 5000 kvinner på Kvinneklinikken i Bergen. Flest nyfødde kjem til verda på «Føden», den største fødeavdelinga på Vestlandet. Etterpå blir mor flytta til fleirsengsrom på barselavdelinga, eller til Barselloftet på Pasienthotellet.

Men ein fjerdedel av desse kvinnene føder på Storken, den einaste avdelinga i sitt slag her i landet. Her kan friske fødande bu under heile opphaldet. Dei får tett oppfølging, og bur på einerom eller familierom.

No ønskjer eit samla fagmiljø ved KK at alle gravide skal få eit tilbod som på Storken.

— Vi ønskjer å kopiere Storken i to etasjar oppover. Vi har tung, fagleg dokumentasjon på at dette er den beste modellen for alle fødande, seier klinikksjef Britt Eide til BT.

Meir ro

Planleggingsarbeidet er i ein tidleg fase. Men målet med å omorganisere fødeseksjonen er først og fremst å skape større ro før, under og etter fødselen.

— Vi ønskjer å tilby kvinnene meir nærleik og kontinuitet. Store fødeavdelingar har mykje å tene på å organisere seg som dei små. At kvinner føler seg trygge, fremmer dessutan den naturlege og normale fødselen.

No ønskjer KK å dele fødeseksjonen opp i fire føde/barselpostar med kring 1200 fødslar kvar i året.

Barselloftet skal etter planen ikkje brukast av barselskvinner lenger.

Både friske og sjuke fødande skal få eige rom under heile opphaldet på KK.

— I dag reiser kvinnene vanlegvis heim etter 48 timar. Då er det viktig at dei får fred og ro den korte tida dei er her, seier Eide til BT.

Etter ein dansk modell er dessutan ambisjonen eit tettare samarbeid med svangerskapsomsorga i kommunen. Eit eige jordmorteam kan då følge kvinna frå den første kontrollen på helsestasjonen til kvinna forlet KK med babyen i bagen.

Påbygg til tretti millionar

I dag får annakvar kvinne på «Føden» epidural. På Storken får ingen. Eide legg ikkje skjul på at ho vil ha ned bruken av medikamentell smertelindring på KK.

— Men då må vi gjere kvinnene trygge. Ei spørreundersøking blant barselkvinner viser at det viktigaste er at jordmor er til stades. Epidural kan ikkje erstatte menneskeleg kontakt.

Sidan 1926 har Kvinneklinikken i Bergen halde til i den store, kvite bygningen på Årstad. Skal tilbodet omorganiserast og utvidast, må huset byggast om. Eit påbygg til tretti millionar kroner er med i planane.

Føresetnaden for å gjennomføre planane er at den daglege drifta blir rimelegare. Det betyr minimum ti færre tilsette. I dag har kring 500 personar arbeidsplassen sin på KK.

— Vi vil få betre kvalitet med mindre ressursar. Dette er eit flott prosjekt både for pasientar og tilsette, reklamerer Eide.