Det kan verta realiteten om fem til ti år. Om ordfører Albrigt Sangolt og partifellene hans i Høgre får det som dei vil.

Men både leiaren i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, og Fjell-ordførar Jan Utkilen protesterer.

– Sjukehustilbodet i Bergen er meir enn godt nok for strilane, meiner dei to.

Sangholt som også er medlem av styret i Helse Bergen, meiner at det er vel langt for sotrabuane og folk frå Øygarden å reisa dei to-tre mila inn til Haukeland til behandling.

Køhjelp for Haukeland

– Mest av alt treng vi ein rehabiliteringssjukehus for nyutskrivne pasientar. Men dette er ikkje nok. Vi ser at presset på Haukeland vert større og køane lengre. Om få år har vi nådd eit folketall på rundt 30.000 menneske. Det er på storleik med ein middels stor by. Det burde vera argument godt nok for eit eige sjukehus, meiner Sund-ordføraren.

Det er undervegs i arbeidet med programmet for Sund Høgre at tanken om eit eige «strilesjukehus» har vakse fram.

Sangolt presiserer at det ikkje er naudsynt at Helse Bergen skal eiga sjukehuset på Sotra.

– Vi kan tenkja oss fleire alternativ, interkommunalt eigarselskap, privat eigarskap eller ein kombinasjon av privat og offentleg eigarskap. Men sjukehuset må vera ein del av sjukehustilbodet i Helse Bergen, seier han.

Fjell-ordførar Jan Utkilen har liten tru på dei storslåtte planane.

– Sangolt, som er medlem i styret i Helse Bergen, burde ha så god greie på sjukehusdrift at han forstår at eit lokalsjukehus på Sotra aldri kan drivast lønnsamt, seier Utkilen. Han er sjølv lege og var plansjef for eldreomsorga i Bergen før han vart ordførar i Fjell.

Fjell har alt vedteke å byggja ein rehabiliteringsinstitusjon for nyutskrivne sjukehuspasientar. Dessutan peikar ordføraren på at det alt er bygd ut ein allsidig spesialistteneste på Straume. Noko sjukehustilbod utover dette er det ikkje trong for på Sotra, meiner Utkilen.

Den nye institusjonen er planlagt med fire sengepostar med plass til inntil 60 pasientar.

– Vi vonar Sund kommune er interessert i samarbeid om drifta av denne institusjonen, seier Utkilen.

– Haukeland bra nok

Styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, er heller ikkje særs begeistra.

– Vi sotrabuar er så heldige at vi har eit universitetssjukehus som lokalsjukehus. Betre sjukehustilbod kan vi ikkje få, seier Frøiland.

Men ho er glad for at dei i heimkommunen hennar no planlegg å byggja ein rehabiliteringsinstitusjon.

– Det er det trong for. Eg vonar at Albrigt Sangolt heilhjarte vil stø opp om denne institusjonen både som ordførarar i Sund og som styremedlem i Helse Bergen, seier ho.

Høvik, Tor