Tal AUF har samla inn viser at 59 prosent av dei som har søkt om lærlingplass i Noreg framleis står utan læreplass. BT skreiv i går at i Hordaland er det vel 600 unge som enno ventar i spaning.

— Det må vera ei sjølvfølgje at alle skal ha læreplass, seier Dag Ole Teigen, ungdomskandidat for Ap i Hordaland.

— Ein ungdom utan lærlingplass er ein for mykje, legg han til.

Teigen seier han vil kjempa for lærlingane i den komande valkampen, og AUF etterlyser no ein nasjonal dugnad for å få fleire læreplassar. Dei har sett opp ti punkt som dei meiner kan bidra til dette.

Å auka lærlingtilskot, prioritera læreverksemder i anbodskonkurransar og krevja at kommunane tek inn ein lærling per 1000 innbyggjar er noko av det AUF meiner kan hjelpa.