Frå før er det sett fram ønskje om Os som endestopp i nord for alle snøggbåtar frå Sunnhordland, med auka bussfrekvens til Bergen og Flesland. No har kommunepolitikar Bjarne Berge (Tverrpolitisk) sett fram ein idé om direkte snøggbåtferje mellom Herøysund-området i Kvinnherad og Os. Dermed kan hovudtyngda av Kvinnherads 14.000 innbyggjarar halvera bilreisetida til Bergen til ein time og eitt kvarter. Gjennom avisa Kvinnheringen viser Berge til den nyutvikla, 25 knops snøggferja som Fjellstrand AS byggjer på Omastrand og i Rosendal.