I går skreiv Aftenposten om ei ny undersøking frå Legeforeningens forskningsinstitutt. Av vel 1500 norske legar stadfestar éin prosent at dei har utført aktiv dødshjelp. At talet er så høgt, vekkjer oppsikt i fagmiljøet i Bergen.

— Dette overraskar meg veldig. Hos oss er dette heilt ukjent praksis, seier professor og avdelingsleiar Olav Hevrøy på Anestesi- og intensivavdelinga ved Haukeland Universitetssykehus.

- Bekymringsfullt

55 anestesilegar deltek i undersøkinga, og av desse svarar tre anonymt ja på spørsmålet om dei har utført aktiv dødshjelp. Altså 5,5 prosent av dei spurde.

Hevrøy stiller seg noko tvilande til desse nye tala, men avviser dei ikkje:

— Eg kan ikkje svare for praksis blant samtlege norske anestesilegar. Dersom nokre i våre rekkjer utfører aktiv dødshjelp, er dette svært bekymringsfullt.

På Haukeland jobbar kring femti av landets vel 500 anestesilegar. Hevrøy meiner at det er ei klar og medviten haldning mot aktiv dødshjelp både i miljøet i Bergen og på andre norske sjukehus. Likevel meiner han at den nye undersøkinga bør få følgjer.

— Vi bør undersøkje nærare om det faktisk er tilfelle at fleire utfører aktiv dødshjelp. I såfall er det uakseptabelt. Det er brot både på norsk lov og dei etiske reglane for legane, slår Hevrøy fast.

- Naivt

Reidar Kvåle er av same oppfatning Han er anestesilege på Haukeland, og engasjert i debatten om aktiv dødshjelp.

— Det er alvorleg hvis kolleger i det skjulte har ein praksis som strir mot norsk lov og etiske reglar.

— Mistenkjer du kolleger for å utføre aktiv dødshjelp?

— Nei, det gjer eg ikkje. Eg har aldri sjølv hatt konkrete mistankar. Men det vil vere naivt å tru at slikt ikkje skjer i det skjulte nokre stader, seier Kvåle, som etterlyser diskusjon.

— Open debatt om aktiv dødshjelp har ikkje akkurat prega norsk medisinsk miljø, seier han.

— Meiner du at aktiv dødshjelp nærmast er tabu eller ikkje-tema blant legar?

— Ja. Kolleger vik unna når kontroversielle spørsmål blir tekne opp.

- Liberal vind i Europa

Overlege ved Bergen Røde Kors sykehjem, Stein Husebø, presiserer at han har ikkje har lese undersøkinga. Men umiddelbart er han skeptisk til så høge tal.

— La meg seie det slik: Det finst legar, og det finst situasjonar. Men eg kjenner norske anestesilegar svært godt, og er sikker på at talet er langt lågare, seier Husebø, som nyleg deltok på ei høyring om aktiv dødshjelp i Europarådet.

— Det bles ein liberal vind i Europa. Både England og Frankrike står på kanten til legalisering av aktiv dødshjelp. Men eg ønskjer ein diskusjon om kva vi kan gjere for å ta vare på eldre og sjuke, istadenfor å ta livet av dei.

Husebø vart landskjend i 1992, då han fortalde at han hadde gjeve ein overdose medikament til ein døyande kreftpasient med store lidingar.

Året etter fekk han påtaleunnlating og advarsel frå Statens Helsetilsyn.