Førde er ein av få kommunar som fram-leis held på ordninga med ølmonopol. Men monopolet har liten oppslutnad mellom innbyggjarane. Ei undersøking som er gjort for Handels— og Servicenær-ingens Hovudorganisasjon, viser at 60 prosent av innbyggjarane er for sal av øl i daglegvareforretningane. Berre 31 prosent vil halde på dagens monopolordning. Resten, ni prosent, har ikkje gjort seg opp noko meining.

Det kanskje mest oppsiktsvekkjande med undersøkinga, er kvar innbyggjarane i Førde kjøper ølet sitt. Førde er det suverent største handelssenteret i Sogn og Fjordane, og ein av dei stadene som har størst omsetnad i forhold til folketalet. Men øl går dårleg. Kvar femte spurde i granskinga svarar at dei kjøper øl på daglegvareforretningar i andre kommunar.

Det er Synovate MMI som har utført undersøkinga. 152 personar over 18 år er intervjua.