Rådmannen legg fram forslaga sine på formannskapsmøtet onsdag og torsdag denne veka.

Kommunen har i fleire år hatt dårleg økonomi, og har hyra inn konsulentar som skal hjelpe dei å finne løysingar på den vanskelege situasjonen.

— Har ikkje pengar

Det årlege underskotet kan bli over 20 millionar kroner om ingenting blir gjort. Rådmann Henrik Flatøy foreslår følgjande tiltak for å betre økonomien:

  • Redusere talet på årsverk med 60-80 personar, altså ti prosent av dei tilsette i kommunen
  • Slå saman fire skular til to. Eikanger skal overførast til Ostereidet, medan Skodvin går til Lindås
  • Redusere talet på legekontor og samle dei i Knarvik
  • Overføre kommunale vegar til private for å spare vedlikehald og driftsutgifter
  • Overføre ansvaret for veglys i bustadområde til private
  • Innføre eigedomsskatt i tettbygde strøk. Det skal gje fem millionar kroner i inntekter

Rådmann Henrik Flatøy innrømmer at situasjonen er dramatisk for kommunen.

— Vi kan ikkje drive når vi ikkje har pengar, og for å kome i balanse må vi gjere dette ganske raskt. Det er kostnadene til lønn som er hardast, og vi har ikkje pengar til å ha så mange tilsette, seier Flatøy.

Skuldar på staten

Skulle forslaget hans til innsparingar bli vedteke, blir det eit mykje dårlegare tilbod til innbyggjarane i Lindås kommune. Verst vil det gå utover folk som bur langt frå sentrum i Knarvik. Dei risikerer å miste det lokale legekontoret, miste skulen sin, få ansvaret for drift av veg og veglys. I tillegg blir det nedskjeringar i tilbodet innafor pleie og omsorg.

  • Tilbodet blir ikkje så godt som i dag, men vi håper at vi i større grad kan halde på tilbodet om vi klarer å effektivisere drifta, seier Flatøy.

Han skuldar på mangel på statlege overføringar og manglande politisk vilje til å stramme inn tidlegare.

— Kommunane må operere innafor inntektsrammar frå staten. Den nye regjeringa snakkar om å betre kommuneøkonomien, og vi får satse på det, seier Flatøy.

Han trur òg at kommunen igjen hamnar på Kommunaldepartementet si svarteliste, noko som betyr at kommunen ikkje får ta opp lån utan godkjenning frå fylkesmannen.

Flatøy trur ikkje på støtte frå formannskapet til forslaga sine.

— Det endar nok opp med at vi jamt over reduserer aktivitetar på alle område, seier han.

- Ikkje ostehøvel

— Nokre av forslaga er mogleg å gjennomføre md politisk vilje, andre blir nok tyngre. I Lindås har vi ei drift som er høgare enn inntektene. Derfor har vi dei siste åra jobba med innstramming og nedbemanning, seier ordførar Tove Brandvik (A).

Ho trur ikkje det blir aktuelt å skjere ned jamt over.

— Vi må kutte der kostnadene er høge, seier ordføraren.

Den endelege økonomiplanen med budsjett blir vedteken i desember.