JOHN LINDEBOTTEN

I dag vil formannskapet i Kvam tilrå ein bompengepakke som skal loppa bilistane for minst 25 kroner ved kvar passering. Til saman skal dette gje 275 millionar kroner over 15 år.

To bomstasjonar skal setjast opp, ved kommunegrensa mellom Samnanger og Kvam i Eikedalen, og i andre enden, på høgdedraget mellom Ålvik og Lussand på vegen mot Kvanndal.

Plasseringa i Eikedalen betyr at trafikken til alpinsenteret ikkje passerer bommen.

Tidlegare ordførar i Kvam, Martin Vik, Sp, seier til Bergens Tidende at han vil røysta for bompengepakken. Det same vil Oddvar Brakestad frå Høgre. Ordførar Astrid Selsvold, Ap, er og positiv, men legg til at ho må drøfta det med si partigruppe.

Tre tunnelar

Dei 275 millionar kronene skal nyttast til å byggja tre tunnelar på strekninga Fyksesundbrua-Norheimsund.

— Og vi skal greia dette utan pengar frå staten, seier næringsutviklar i Kvam, Jan Tjosås.

— Dette er einaste måten å få pengar til Rv. 7 gjennom Kvam, seier Martin Vik. Han er redd for at stadig meir av trafikken elles vil køyra E 16 over Voss for å koma til Hardanger. Bompengane vil truleg ikkje skremme folk frå å køyra Rv. 7, for i om lag same perioden skal det og krevjast inn bompengar på E 16 for den såkalla Vossapakken.

I Stortinget til våren?

Vedtaket i formannskapet i dag gjeld formelt oppretting av eit bompengeselskap, Kvam Bompengeselskap AS. Heradstyret gjer det endelege vedtaket 6. september.

— Deretter må vi skriva ein bompengesøknad, som vi vonar kan handsamast av heradsstyret 6. oktober. Greier vi det, kan vi og nå handsaming i fylkestinget til jul, Jan Tjosås, som har arbeidd ut denne saka.

Vona er at bompengesøknaden då kan passera Vegdirektoratet og Samferdsledepartementet på rekordtid, og nå fram til handsaming i Stortinget før sommaren 2006.

I så fall kan vi både starta innkrevjing og anleggsarbeidet i 2007, trur Tjosås.

Regionvegsjef Ole Chr. Torpp understrekar at Statens vegvesen er positiv til Kvam sine planar, og at dei samarbeider. Men anleggsstart i 2007 meiner han er litt for optimistisk.

Høgspent i tunnel går bra

I BT laurdag 20. august gjekk Tjosås ut med forslag om at den planlagde nye kraftlina frå Sima i Eidfjord til Samnanger kan gå som sjøkabel til Fyksesund og deretter gjennom dei nye tunnelane til Norheimsund. Frå Norheimsund til Samnanger kunne kabelen leggjast i ein 12 kilometer lang tunnel under Tveitakvitingen til Samnanger.

— Teknisk er det ikkje noko problem å leggja høgspentkabelen i vegen eller i tunnelen. Når det gjeld elektromagnetisk stråling, reknar vi med at det skal vera trygt, for vi fer berre forbi. Vi vert ikkje utsett for strålinga over lengre tid, seier seniorrådgjevar Trond Carlsen i Statnett til BT.

— Det det kjem an på, er kostnaden, som kan samanliknast med sjøkabel, seier Trond Carlsen.

KORTARE RV.7: Tunnelar mellom Fyksesund og Norheimsund vil gjera Rv. 7 gjennom Kvam både lettare og kortare. Tunnel under Kvamskogen er ikkje med i denne bompengepakken.