Lufthamnselskapet har i vår utan hell arbeidd for å henta inn 3— 5 millionar kroner i utvida aksjekapital. Generalforsamlinga valte fredag å gje seg sjølv frist til september- oktober. I mellomtida vil den andre flyplasseigaren, Stord kommune, gje rente- og avgiftslette for deler av gjelda.

Trass positiv passasjertalutvikling i heile år, slit Sunnhordland Lufthamn med ei tung gjeld. Førre månad avviste Samferdsledepartementet ein søknad om seks millionar kroner i ekstraordinær statsstøtte.

I ei fråsegn til Samferdsledepartementet ber eit samrøystes Hordaland fylkesting om at staten set i verk tiltak som hindrar det som politikarane meiner er ei konkurransevriding mellom flyplassane i Haugesund og på Stord.

Fylkestinget peikar på at slik statleg støtte kan vera at Sunnhordland lufthamn får tilskot på linje med andre delar av kortbanenettet eller at staten stettar søknaden om krisestøtte.

I ei fråsegn frå fylkestinget heiter det at Hordaland fylkeskommune ser det som gledeleg at Luftfartsverket reduserer avgiftene for å gjera utvalde norske flyplassar meir attraktive for lågprisselskap.

«Fylkestinget vil likevel peika på at denne kryss-subsidieringa fører til konkurransevriding og diskriminering av konkurrerande ikkje-statlege lufthamner. Særleg vert situasjonen alvorleg i tilhøvet mellom Haugesund lufthavn og Sunnhordland lufthavn,» heiter det i uttalen frå fylkestinget, som også fryktar uheldige følgjer for Bergen lufthavn av same årsak.