Vil ha arbeidsmiljølov for studentar

Tommy Aarethun gjekk frå å kjempa om ordførarvervet i Lærdal til å stilla som leiar for Norsk Studentorganisasjon.

Kvifor stiller du som leiar?

- Eg har jobba fulltid i Studentparlamentet i snart to år og vert stadig meir inspirert til å fremja studentane sine saker, no ønskjer eg å gjera det på eit nasjonalt nivå.