Ho tek til orde for innføring av alkoholfrie soner og ei meir kritisk haldning til alkohol.

— Vi treng ein kritisk gjennomgang av alle sider ved vårt tilhøve til alkohol, på same måten som vi no tek føre oss tobakken, seier Toppe, som vil be regjeringa utarbeida ein ny norsk alkoholstrategi.

Ho meiner dette vil vera ei heilt naturleg oppfølging av samhandlingsreforma i helsesektoren, som seier at det skal satsast på førebygging og at ein skal unngå innlegging på sjukehus.

  • Alkoholfrie soner kan til dømes definerast i arbeidslivet og i idrettsarbeid for born og unge. Vi bør vurdera ein del nye, strenge tiltak, som til dømes fleire forbod og tiltak som gjeld avgifter og aldersgrenser, seier Toppe.

Ho undrar seg over at alkohol, som gjer så stor samfunnsmessig skade, er så allment aksept.

  • Altfor mange sjukehussenger blir i dag brukte til skader som har med alkohol å gjera. Dessutan er spørsmålet høgaktuelt i den pågåande diskusjonen om sjukefråværet, seier Kjersti Toppe.
  • I den store debatten er alkohol nesten ikkje nemnd som årsak til sjukefråværet. Det er merkeleg, for alkohol er ei vanleg årsak til både korttids- og langtidsfråvær. Men dette er typisk. Korkje politikarar eller journalistar vil ha snakk om ulempene ved alkoholen.

Ho undrar seg over at alkohol, som gjer så stor samfunnsmessig skade, er så allment aksept.

  • Sjølv er eg ingen totalist, men eg må sei at eg stussar når eg opplever, som medlem i helse- og sosialkomiteen på Stortinget, å få vinflasker som takk for hjelpa når eg har halde eit føredrag for ein helseorganisasjon, seier ho.
  • Det seier litt om den totale aksepten.